«Solitude» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Black Sabbath. Han vart først gjeven ut på albumet Master of Reality frå 1971, og seinare som B-side på singelen «Children of the Grave».
Oversyn Songen handlar om å kjenne seg deprimert etter eit samlivsbrot. Det vart lagt ein forseinkingseffekt på vokalen til Ozzy for å skape inntrykk av eit andre vokalspor. Songen viser det multiinstrumentale talentet til gitaristen Tony Iommi, som òg spelar fløyte og piano på innspelinga.
Ettermæle I samband med Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene skreiv Brett Schewitz at «Solitude» var songen som overraska han mest, og at den vakre røysta til Ozzy fekk han til å kontrollere at det faktisk var Osbourne som song.
Loudwire rangerer «Solitude» blant dei 30 beste – på 29. plass – av alle dei 79 songane Black Sabbath laga med Ozzy Osbourne som songar.
Versjonar av andre artistar Det britiske doom metal-bandet Cathedral spelte inn ein versjon av songen. Han kom som europeisk bonusspor på hyllestalbumet Nativity in Black: A Tribute to Black Sabbath frå 1994.
Det norske eksperimentelle electronica-bandet Ulver spelte òg inn «Solitude» i 2007 og gav han ut på det sjuande albumet sitt, Shadows of the Sun.
Ein annan versjon vart gjeven ut av det svenske progressive metal-bandet Opeth på det ellevte albumet deira, Pale Communion, i 2014.
Medverkande Ozzy Osbourne – vokal Tony Iommi – gitarar, fløyte og piano Geezer Butler – bassgitar Bill Ward – perkusjon
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Solitude (Black Sabbath song)» frå , den 6. september 2026.
Kategori:Black Sabbath-songar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Songar om einsemd Kategori:Songar skrivne av Tony Iommi Kategori:Songar skrivne av Geezer Butler Kategori:Songar skrivne av Ozzy Osbourne Kategori:Songar skrivne av Bill Ward Kategori:Psykedeliske folkesongar Kategori:Ulver-songar Kategori:Opeth-songar