«Am I Going Insane (Radio)» er ein singel av det engelske heavy metal-bandet Black Sabbath frå albumet Sabotage frå 1975. Ei vanleg oppfatning er at tillegget «Radio» vart teke med i tittelen fordi songen var laga for radiospeling, men trommeslagaren Bill Ward sa at det var cockney-slang for «mental» – «radio-rental». Kritikarar har peikt på samantreffet mellom tittelen og at alle medlemmene i Black Sabbath utanom Tony Iommi seinare vart klinisk deprimerte. Når songen tonar ut, kan ein dessutan høyre eit urovekkjande skrik som liknar nokon som vert «galen». Det har vore hevda at opptaket var av Jessica, dotter til Ozzy, men eit intervju med han frå 1975 tyder på at det ikkje var Jessica. Lydteknikaren på Sabotage avslørte at lyden kom frå ein umerkt kassett som vart funnen i studioet.

Vonbrot i bandet og mottaking Sjølv om vokalisten Ozzy Osbourne var nøgd med dei fleste songane på Sabotage, likte han ikkje reaksjonane han fekk på «Am I Going Insane (Radio)» eller «Supertzar». Osbourne meinte dei to spora distraherte på eit album som elles ville ha vore perfekt. Meldarar i AllMusic hevda at songen ikkje var til å kjenne att som Black Sabbath, og at han var eit uvørde forsøk på å endre identiteten deira. Trass i haldninga til Osbourne og dei negative meldingane gjorde populariteten til songen at han vart det einaste sporet frå Sabotage på samlealbumet We Sold Our Soul for Rock 'n' Roll.

Innhald A-sida «Am I Going Insane (Radio)» – 4:17

B-sida «Hole in the Sky» – 4:00

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Am I Going Insane (Radio)» frå , den 6. september 2026.

Kategori:Black Sabbath-songar Kategori:Songar skrivne av Ozzy Osbourne Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Songar skrivne av Tony Iommi Kategori:Songar skrivne av Geezer Butler Kategori:Songar skrivne av Bill Ward Kategori:Songar frå 1975