Helleristingane på Strand i Osen kommune i Trøndelag er ei gruppe på åtte helleristningsfigurar. Dette er veideristingar frå steinalderen, og den største figuren er ein naturalistisk utforma grindkval som er 2,9 meter lang. Dessutan finst det to mindre dyrebilete og tre geometriske figurar. Staden og funnet Bergflata med helleristingar er 3,3 × 1,15 meter stor. Ho er loddrett og vender mot sørvest. Ristningane er utførte på eit parti av grøn amfibolitt i ei elles lys granittbergflate.Sognnes 1999
Ristingsberget vart oppdaga under arbeidet med å anleggje veg gjennom Høvikskaret mellom grendene Strand og Vingsand i 1925. Då arbeidarane fjerna lausmassar som låg inntil bergveggen, kom ristingane fram. Oppdaginga vart meld inn til Vitskapsmuseet hausten 1928 av læraren Jacob Strand. Feltet vart undersøkt av arkeologen Theodor Petersen frå Vitskapsmuseet i august 1929. Petersen presenterte funnet i eit føredrag i Vitenskapsselskapet i Trondheim 9. desember 1929, og i ein artikkel i skriftserien til selskapet.
Petersen fann kvalfiguren og dei to store geometriske figurane framfor kvalen. Han oppdaga seinare det ubestemmelege dyret ovanfor kvalen på fotografiane sine. Dei andre figurane vart oppdaga og dokumenterte under undersøkingane til arkeologen Gutorm Gjessing i 1933. Resultata frå undersøkingane vart publiserte i 1936.Sognnes 1979Gjessing 1936
I nærleiken av ristingane er det funne ein skiferkniv frå steinalderen,T13161; NTNU Vitenskapsmuseet - samlinger på nett og det er avdekt ein steinalderbustad.T13995a-e; NTNU Vitenskapsmuseet - samlinger på nett
Skildring av figurane miniatyr|Kvalen er 2,9 meter lang. Over kvalen finst det ein dyrefigur av same tvitydige hare-/elgforma som på helleristningane på Stykket. miniatyr|Den tydelegaste av dei geometriske figurane har nokre «liggjande åttetal», som har vorte omtalte som bladverk. Kvalfiguren er 2,9 meter lang og er artsbestemt som ein grindkval,Petersen 1930 ein av dei mindre kvalartane som finst langs norskekysten. Gjessing meinte at munnen, som er markert på nokre av avteikningane, truleg er ei naturleg sprekk i berget. Det er mogleg at sprekken er forsterka og framheva med ristingshogg. Sporden til kvalen går over i ei rektangelforma ramme med indre figurar.
Framfor hovudet til kvalen finst det to rektangelforma figurar. Den største og tydelegaste av dei er 41 × 63 cm. Ho har ei markert vertikal midtlinje og «ovale, bladforma figurar på kvar side». Til høgre for denne finst det eit anna rektangel, 31 × 54 cm stort, som er diagonalt ruteinndelt. Figuren over hovudet til kvalen er òg restane av eit rektangel med rutemønster.
Dyret over kvalen er «eit lite firbeint pattedyr, formodentleg eit dyr av hjorteslekta», skriv Gjessing. Både Petersen og Sognnes antydar at det kan likne på ein hare, men Petersen konkluderer likevel med at det truleg er ein elg. Gjessing meiner at figuren er vanskeleg å artsbestemme fordi plassen er dårleg utnytta, og hovudet støytar mot ein avsats i berget. Haren/elgen er 35 × 32 cm.
Figuren øvst til høgre er så forvitra at det er vanskeleg å identifisere han heilt sikkert. Gjessing meinte at det var «moglegvis eit dyr, og i så fall truleg ein bjørn».
Alle linjene i figurane er hakka inn i berget med ein spiss stein, på vanleg måte. Den svenske arkeologen Gustaf Hallström meinte at dei to radene med figurar vart hogde inn på ulike tidspunkt.Hallström 1938 Sognnes meinte òg at det er skilnader i storleik, stilutforming og bevaringsgrad mellom dei to radene.
Oversyn og tolkingar Det viktigaste ved helleristningane er at dei inngår i eit mønster av helleristingar frå fangststeinalderen som ligg i direkte tilknyting til sjøen.Sigmund Kinn Alsaker. «Steinalderen». I: Trøndelags historie. Bind 1: Landskapet blir landsdel, fram til 1350. Redigert av Ida Bull. Tapir forlag, 2005. ISBN 978-82-519-2001-8. Side 55 I dag ligg feltet 450 meter frå sjøen, men slik var det ikkje i steinalderen, før landheving endra landskapet. Der Strandgardane no ligg, var det i steinalderen «ei vid, grunn bukt som opna seg mot storhavet i vest», skriv Kalle Sognnes. Basert på landheving og stiluttrykket kan Strand-feltet daterast til 3800–3000 f.Kr.Heidrun Stebergløkken. Bergkunstens gestalter, typer og stiler : en metodisk og empirisk tilnærming til veidekunstens konstruksjonsmåter i et midtnorsk perspektiv. Doktoravhandling NTNU, 2016. (pdf) Gjessing meinte, i oversynsverket sitt om veideristingane frå 1936, at dei geometriske figurane generelt høyrde til jaktmagiens biletspåk, og at slike figurar er ein variant av dei «utfyllingane av dyrekroppane» som finst på nokre ristningsfelt. Han føreslo at figurane «var eit slags magiske reiskapar som er heilt elektrifiserte med magisk kraft». Logikken i jaktmagien innebar at «dyra si magiske kraft blir forsterka ved overføring frå dei geometriske figurane».Gjessing 1936, side 146-152 Sognnes meinte at det var uvanleg at dyr og geometriske figurar finst så kraftig markerte samtidig, slik dei gjer her. Geometriske figurar finst fleire stader, men det er uvanleg at dei er så store og tydeleg markerte at dei konkurrerer med dyrefigurane om merksemda.
Det som har interessert forskarane mest ved Strand-feltet, er lausmassane som skjulte helleristingane fram til 1925. Spørsmålet er om dette er nedrasa stein, skredmateriale som har losna frå berget, eller om det er strandgrus, lausmassar som har vorte lagde att eller skylte i land av havet. Dersom det er snakk om strandgrus, inneber det at ristningane kan ha vore skjulte av, eller nådde av, havet på eit tidspunkt etter at dei vart hogde inn. Dette kan igjen ha betydning for dateringa av både dette og andre helleristingsfelt.Kalle Sognnes (2003). «On shoreline dating of rock art». I: Acta Archaeologica.
Gjessing gjengir vurderingar frå geologen Thorolf Vogt si undersøking av staden. Vogt meinte at steinane i lausmassane hadde rasa ned frå berget, ettersom dei var av dei same bergartane. Samtidig peikte Gjessing på at steinane var rundslitne, og at ristningslinjene på den nedre delen av bergflata var blankslitne og bar preg av vassliting.
Området i dag miniatyr|Helleristingane er tilrettelagde med informasjonstavler og parkering. Feltet inngår i Trøndelag fylkeskommune sitt formidlingsprosjekt Bergkunstreisen.Helle Vangen Stuedal. «Bergkunstreisen i Trøndelag»; Spor; 2020, nr 2 Sidan 2005 har Vitskapsmuseet og fylkeskommunen behandla feltet som ein del av Riksantikvaren sitt bevaringsprogram for bergkunst. Ein sprayer ristningsfeltet med etanol for å hindre at plantar, mose og algar bryt ned berget.Usikker framtid for bergkunsten i Norge; forskning.no, 11.5.2019Bevaringsprogramma – Bergkunst; riksantikvaren.no
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Helleristningene på Strand» frå , den 10. september 2026.
Litteratur Theodor Petersen (1930). «En nyoppdaget helleristning på Strand i Osen, Bjørnør prestegjeld». I: DKNVS Forhandlinger; Bind 3; nr 35. Side 138-141
Gustaf Hallström (1938). Monumental art of northern Europe from the stone age. I. The Norwegian localities. Stockholm: Thule förlag Kalle Sognnes (1979). «Steinalderens bergkunst på Fosenhalvøya». I: Årbok for Fosen 1979.
Bakgrunnsstoff
Helleristingane på Strand i Osen ; kildenett.no Kulturminner i Osen kommune; briefingfosen.no
Strand Kategori:Kulturminne i Osen