mini|Bind 1-10 av Nationalencyklopedin mini|Bind 1-20, 3 tillegg og NEO Nationalencyklopedin (NE) er eit svensk oppslagsverk som blei gjeve ut på 1980- og 1990-tale av Bra Böcker AB. Dei fekk innvilga eit lån på 170 millionar svenske kroner av den svenske riksdagen, som var heilt tilbakebetalt i desember 1990. Frå og med september 2000 har Nationalencyklopedin blitt gjeve ut av NE Nationalencykclopedin AB. Sjefredaktør er Arne Ekman, og Per Söderberg er redaksjonssjef.

Nationalencyklopedin er det tredje mest omfattande trykte oppslagsverket i Sverige gjennom tidene, etter Nordisk familjebok og Svensk uppslagsbok. Fyrste bind kom ut i 1989, medan det siste, bind 20, kom ut i 1996. Oppslagsverket omfattar 23 bind (av dei 3 supplement), og dessutan ei ordbok, Nationalencyklopedins ordbok (NEO). Ordboka kom ut i tre bind mellom 1995 og 1996. Det siste opplaget av ordboka blei likevel gjeve ut i eitt bind, og kom ut i 2004. Frå og med 2006 har Nationalencyklopedin gjeve ut den biografiske handboka Vem är det, som kom ut for fyrste gong i 1912.

Nationalencyklopedin i bokform omfattar om lag 170 000 oppslagsord, 12 700 sider som inneheld ca. 100 millionar teikn. Totalt har NE drygt 3 000 forfattarar.  Frå 1997 kom NE ut på CD-ROM (6 cd-plater), og frå 1998 òg på DVD. I 2000 gav NE ut meir avanserte versjonar av oppslagsverket på DVD og CD. I mai 2000 blei NE òg gjeve ut på Internett, på nettstaden ne.se. Denne nettbaserte versjonen av både oppslagsverket og ordboka blir oppdatert regelmessig med ny informasjon, og består av fleire artiklar. NE er òg tilgjengeleg på mobiltelefon for dei som abonnerar på internetttenesta. Ein får då tilgang på ei engelsk/svensk-svensk/engelsk-ordbok i tillegg til oppslagsverket.

Hausten 2008 gjorde Nationalencyklopedin 64 000 av oppslagsorda til NE gratis tilgjengelege på Ne.se. 

NE i tre band NE i tre band er eit kompakt leksikon i tre band som NE lanserte i september 2008. Det består av 64 000 utvalde og avkorta artiklar og 5000 illustrasjonar (3700 fotografiar, 475 kart og 900 teikningar) på 2168 sider fordelt på 3 bind.  I gjennomsnitt er det 30 artiklar og 2 eller 3 illustrasjonar per side.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nationalencyklopedin» frå , den 13. september 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Bøker frå 1989 Kategori:Svenske oppslagsverk