Gerald «Jezz» Woodroffe (fødd 28. oktober 1951 i Birmingham) er ein engelsk tangentspelar. Han var medlem av Purusha, Sally Hope og Geezer Butler Band, og spela dessutan på konsertar med Black Sabbath seint i 1970-åra.

Karriere Woodroffe spela på Black Sabbath-albumet Technical Ecstasy. Sjølv om han ikkje er kreditert som låtskrivar på albumet, var han til stades medan Tony skreiv materiale til Technical Ecstasy. Det gjorde at Tony kunne prøve ut idear medan Woodroffe la akkordar til som akkompagnement. Tangentinstrumenta har ein viktig plass i stilen og klangbiletet på albumet. Woodroffe framførte og spelte òg inn musikk med Robert Plant og Phil Collins på Pictures at Eleven, det første soloalbumet til Plant, og på dei to neste Plant-albuma, The Principle of Moments og Shaken 'n' Stirred.

Han spela på konsertar med Black Sabbath under turneane for albuma Sabotage og Technical Ecstasy.

Tidleg i 1990-åra komponerte Woodroffe musikken til to spel frå Horror Soft: Elvira II: The Jaws of Cerberus, saman med Philip Nixon, og Waxworks.

I 1970-åra eigde han musikkbutikken «Woodroffes» i Birmingham.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gerald Woodroffe» frå , den 19. september 2026.

Bakgrunnsstoff Gerald Woodruffe på Discogs

Kategori:Fødde i 1951 Kategori:Engelske klaverspelarar Kategori:Musikarar frå Birmingham