Krusetistelslekta (Carduus) er ei slekt i korgplantafamiljen. Ho omfattar fleire tistelartar. Krusetistel er den einaste av desse som er vanleg i Noreg.

Plantane i slekta er toårige urter. Stengelen har kantar med torner. Blada er spiralstilte med torna kantar. Blomane er som regel raudfiolette, men kan vera kvite. Frøa spreier seg med vinden ved hjelp av ein fnokk som består av enkelthår. Det siste trekket skil dei frå vegtistelslekta (Cirsium).

venstre|mini|Blad med torner hjå alpearten Carduus defloratus. venstre|mini|Frø frå nikkettistel. Her viser den typiske fnokken godt.

Artar i Noreg

piggtistel (C. acanthoides) krusetistel (C. crispus subsp. multiflorus) mølletistel (C. hamulosus) nikkettistel (C. nutans) smaltistel (C. tenuiflorus) olymptistel (C. thoermeri)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Krusetistelslekta» frå , den 23. september 2026.

Krusetistelslekta i Artsdatabanken. Besøkt 29. april 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Korgplantefamilien