Ein nøkkelart er ein art (organisme) som spelar ei unik og heilt avgjerande rolle for balansen i eit økosystem. Det er ein art som mange andre artar er direkte avhengige av for å overleva. Nøkkelartar er ofte predatorar, men ikkje alltid. Dei er oftare artar som er vanlege enn sjeldne, som blåbærlyng og osp i skogen og kril og plankton i havet. Ofte er nøkkelarten nede i næringskjeda og har god spreiingsevne. Nokre få predatorar kan heilt eller delvis kontrollera distribusjonen og populasjonen til eit stort tal bytteartar.
Opphav til omgrepet Omgrepet «nøkkelart» (frå engelsk ) oppstod då den amerikanske zoologen Robert T. Paine lanserte teorien om at balansen i økosystemet kunne vera avhengig av ein enkelt art i 1969.Wagner, S. C. (2010) Keystone Species. Nature Education Knowledge 3(10):51 Omgrepet er henta frå konstruksjonsteknikken der ein enkelt stein, kronesteinen (engelsk ), kan halda opp eit stort kvelv. Paine sin studie frå 1966 viste at å fjerna ein art, i dette tilfellet sjøstjerna Pisaster ochraceus, frå ei tidvasslette i Mukkaw Bay på Tatoosh Island i delstaten Washington i USA, fekk store konsekvensar for økosystemet omring. Sjøstjerner er som kjent betydelege predatorar på muslingar. Då sjøstjernene forsvann tok muslingane over, fortrengde andre artar og dominerte tidvasssletta heilt. Sjøstjerna var altså ein nøkkelart.
Kritikk Zoologen John D.C. Linnell, seniorforskar (økologi) ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), har uttalt at han meiner at nøkkelartomgrepet er eit dødspor, sidan det nærast er umogleg å demonstrera eller testa det i naturen.John D C Linnell. 2013-07-17. Are grizzly bears a keystone species? Question by Rebecca Lemons, University of North Dakota. ResearchGate. Besøkt 2015-03-21 Han seier vidare at omgrepet dessutan er så misbrukt i debattar og populærvitskaplege medium at det nesten ikkje har noka meining lenger. I staden meiner han at ein bør nytta omgrepet «sterkt interaktive artar».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nøkkelart» frå , den 27. september 2026.
Kategori:Økologi