Grøn anakonda, vanleg anakonda, eller berre anakonda (Eunectes murinus) er ein kvelarslange i boafamilien som finst i Sør-Amerika. Arten er ein av dei lengste og tyngste nolevande slangane som er kjende. Som alle boaslangar er han ikkje giftig, men drep byttet ved kveling. Anakondaen lever vanlegvis kring 10 år i naturen, men kan bli vesentleg eldre i fangenskap. Arten lever i tropisk regnskog og føretrekkjer grunne og saktestraumande vassdrag som bekkar, elvar og oversvømde grassletter. Han lever det meste av livet i vatn, men kan òg finnast på land i tett vegetasjon.

Skildring mini|venstre|Anakonda kommen til New York i 1912 mini|venstre|Grøn anakonda i Casanare, Colombia

Anakondaen er den tyngste slangen i verda og ein av dei lengste. Den største vitskapleg dokumenterte lengda er 6,32 meter. Vaksne hoer er typisk mellom 4 og 5 meter lange, med ei gjennomsnittslengd på kring 4,6 meter. Hannane er vesentleg mindre og vert oftast kring 3 meter lange.

Vekta er mindre godt undersøkt enn lengda, men vaksne individ veg vanlegvis mellom 30 og 70 kg.

mini|høgre|Nærbilete av hovudet

Fargemønsteret består av ein olivengrøn grunnfarge med svarte flekkar langs kroppen. Hovudet er smalt samanlikna med resten av kroppen og har oftast tydelege guloransje striper på kvar side. Auga og naseopningane sit høgt oppe på hovudet, slik at slangen kan sjå over vassflata medan resten av kroppen er skjult under vatn.

Kjevebeina er bundne saman av fleksible leddband i staden for faste beinforbindingar. Dette gjer at anakondaen kan svelgje byttedyr som er større enn hovudet. Luftrøyret kan strekkjast fram i munnen slik at dyret kan puste medan det svelgjer. Det største indre organet er levra.

Utbreiing og habitat Utbreiingsområdet er nordlege Sør-Amerika, aust for Andes og nord for Chile, Argentina og Uruguay. Han finst òg på Trinidad. Anakondaer lever i sumpar, myrområde, lagunar og sakteflytande vasstraumar, hovudsakleg i tropisk regnskog og på sesongmessig overfløymde savannar i Amazonas- og Orinoco-bekkenet.

Åtferd Anakondaen er hovudsakleg nattaktiv og lever det meste av livet i vatn. Han rører seg klønete på land, men er smidig og lydlaus i vatnet. Andakondaer kan liggje løynde for byte medan det meste av kroppen ligg under vatn. Når eit byttedyr kjem nær nok, slår slangen til og viklar kroppen rundt offeret. Deretter vert byttet drepe ved kveling eller drukning før det vert slukt heilt.

Føde mini|høgre|Ein modell av eit flodsvin som vert slukt av ein anakonda ved Senckenberg Museum

Anakondaen er ein topp-predator som et eit breitt spekter av dyr, mellom anna fisk, amfibium, fuglar, ulike pattedyr og andre krypdyr.

Særleg store individ kan ta bytte som tapirar, hjortar, navlesvin, flodsvin, jaguarar og kaimanar, sjølv om slike store måltid er forholdsvis sjeldne.

I både elv- og savanneområde er anakondaen kjend for å ta byttedyr som kan utgjere mellom 14 og 50 prosent av eiga kroppsvekt. Registrerte byttedyr omfattar breisnuta kaiman, brillekaiman, yacarekaiman, svartkaiman, fleire artar skjelpadder, flodsvin, raudbakaguti, navlesvin, søramerikatapir (Tapirus terrestris), kongeboa, grøniguan, tejuøgler og fleire andre krypdyr og fuglar. Flodsvin er blant dei vanlegaste byttedyra.

Store byttedyr kan stundom påføre slangen alvorlege skadar eller føre til dødsfall. Risikoen vert truleg redusert når anacondaen klarer å drukne byttet før det vert svelgt.

Enkelte individ et òg åtsel og artsfrendar, som oftast i eller nær vatn. Etter eit stort måltid kan ein anakonda klare seg utan mat i veker eller månader på grunn av den låge forbrenninga. Hoer aukar ofte matinntaket etter formeiring for å byggje opp att energireservane.

Mange lokale soger og forteljingar skildrar anakondaer som menneskeetarar, men det finst svært få truverdige dokumenterte tilfelle av dette.

Kannibalisme er kjend hos anakonda. Oftast dreier det seg om store hoer som et mindre hannar. Forskarar har føreslått fleire forklaringar på dette, mellom anna den sterke kjønnsdimorfismen hos arten og behovet for næring etter formeiring. Ein hann som oppheld seg nær ei stor hoe, kan då verte ei lett tilgjengeleg matkjelde.

I det søraustlege Peru omfattar registrerte byttedyr mellom anna navlesvin, paka, hjort, agutiar, langhaleoter, tejuøgler, brillekaiman og til og med kjempeoter. Observasjonar syner dessutan at anakondaen stundom klatrar høgt opp i tre for å jakte på byttedyr som grøniguan og tretåsloth. Arten kan òg ta husdyr som hundar, høns, storfe, vassbøflar, sauer, kattar og villsvin.

Jamvel om anakondaen er ein topp-predator, kan sjølv store vaksne individ verte tekne av orinokokrokodille, svartkaiman og jaguar.

Formeiring

Anakondaar lever åleine utanom paringstida. Paringa skjer i regntida og kan vare i fleire månader, vanlegvis frå april til mai. Hoene legg att feromonspor som hannane følgjer, sjølv om det ikkje er fullstendig klarlagt korleis dei lokaliserer hoa. Ei mogleg forklaring er at feromona vert spreidde gjennom lufta. Hannane brukar òg tunga til å registrere kjemiske signal frå hoa.

Ofte finn fleire hannar den same hoa. Dei viklar seg rundt henne i det som vert kalla ein «paringsball». Ein slik klunge kan omfatte opptil tolv hannar og halde fram i to til fire veker medan hannane konkurrerer om å pare seg med hoa.

Under kurtisen nyttar hannane dei små sporane ved kloakken til å stimulere hoa. Dei pressar kloakkregionen mot kroppen hennar og skrapar samstundes med sporane. Når hoa løftar kloakken, kan dei to slangane koplast saman og paring finne stad. Vanlegvis vinn den største og sterkaste hannen, men fordi hoene er større og sterkare enn hannane, kan dei truleg påverke valet av partnar. Nesten all kurtise og paring går føre seg i vatn.

Etter paringa følgjer ei fostertid på seks til sju månader. Arten er ovovivipari, noko som inneber at egga utviklar seg inne i kroppen og at hoa føder levande ungar. Kulla omfattar vanlegvis mellom 20 og 40 ungar, men opp til 100 er registrert. Etter fødselen kan hoa ha mista nær halvparten av kroppsvekta.

Nyfødde ungar er kring 70 til 80 cm lange. Dei får ingen foreldreomsorg. På grunn av den vesle storleiken vert mange tekne av rovdyr. Dersom dei overlever dei første åra, veks dei raskt fram til kjønnsmoden alder og deretter langsommare.

Når hannar ikkje er tilgjengelege, kan anakondaen formeire seg ved partenogenese. Slik formeiring produserer levedyktige og genetisk svært like ungar. I 2014 fødde ein anakonda ved West Midland Safari Park tre ungar utan å ha hatt kontakt med hannar.

Anakondaer i naturen lever vanlegvis kring 10 år. I fangenskap kan dei bli 30 år eller meir. Ifølgje Guinness World Records var den eldste dokumenterte levande slangen i fangenskap ein anakonda som var 37 år og 317 dagar gammal.

Kjelder

Denne artikkelen er ei omsetjing av delar av artikkelen «Green anaconda» frå , den 1. oktober 2026

Bakgrunnsstoff

Kategori:Krypdyr i Sør-Amerika