Libellus De Arte Coquinaria - Den vesle boka om kokekunst - er ei handskriven kokebok frå mellomalderen med 25-35 matoppskrifter frå Nord-Europa. I dag kjenner ein til fire avskrifter av boka, to av dei på dansk – manuskript K med 25 oppskrifter og manuskript Q med 29/31 oppskrifter – som er i Det Kongelige Bibliotek i København.
mini|Libellus de arte coquinaria - fyrste side av Manuskript K med oppskrifter på nøtteolje og mandelolje.
Det norrøne manuskript D i Dublin er det største, det lågtyske manuskript W med 100 oppskrifter er i Wolfenbüttel i Tyskland.Das sog. "Harpestreng Kochbuch" dasmittelalterkochbuch.de. . Henta 17. februar 2015 Boka stammar frå kring 1250-1350 og er ei av dei eldste kokebøkene frå mellomalderen. Den danske versjonen er den eldste kjende danskspråklege kokeboka.De Arte Coquinaria* - Historisk Mad . Historiskmad.dk. Henta 17. mars 2015
Frå Christian Molbech fekk boka trykt i 1844 (Historisk Tidsskrift bind 5, s. 537-546)Molbechs udgivelse af Manuskript Q, Historisk Tidsskrift bind 5 1844 og fram til 2000-talet var boka kjend som Harpestrengs kokebok, sidan manuskript K er ein del av Harpestrengs manuskript. Dette manuskript er ei større bok i tre delar: eit herbarium med ei lang rekkje plantar lista alfabetisk etter dei latinske namna sine, ei mindre oversikt over steinar og mineral nytta i mellomaldermedisin, og til sist kokeboka. Dei to første delane var skrivne av legen Henrik Harpestreng, som døydde i 1244.
I same artikkel i Historisk Tidsskrift hadde Christian Molbech òg analysert og samanlikna manuskript K med manuskript Q med dei 29/31 oppskriftene. Han fann dette som ein del av ei lovbok frå mellomalderen. Molbech noterte at manuskript Q var skrive over fem pergamentblad (10 sider), der den første sida var den siste av lovboka, og dei resterande ni sidene var kokeboka. Sjølve teksten frå lovboka kom ut på trykk i K. Ancher sin En Dansk Lov-Historie, bind 2, side 548-549, før år 1844.
Ordval, den tyske ordstillinga og tyske vendingar i den danske versjonen (som wirthe, in der iægher eller koken wan honer) vitnar om at verket er omsett frå lågtysk. Det lågtyske Manuskript W har språket til felles med den ukjende lågtyske urteksten, men mange av oppskriftene er tilføydd langt seinare. Med sine 100 oppskrifter er Manuskript W den største versjonen av kokeboka, men òg den yngste. Der dei to danske versjonar K & Q stammar frå slutten av 1200- og byrjinga av 1300-talet, blir manuskript W datert til mellom 1320 og 1438. Dermed er det minst 100 år mellom urteksten og manuskript W.Braunschweigisches Jahrbuch - Analyse og tekst af Manuskript W
Manuskript Q med 29 oppskrifter blir datert til mellom 1300 og 1350. Begge dei danske manuskripta er så ulike og bruker så ulikt språk i oppskriftene at dei tydelegvis er avskrifter av ei eldre dansk omsetjing frå lågtysk. Nokre av oppskriftene frå K manglar i Q, til dømes nummer K4, oppskrift på mandelpostei. Til gjengjeld har Q fleire oppskrifter, 31 i alt, med 29 opplista, der to er slått samen av fleire. Oppskrift fem (Q5) i manuskript Q svarer til to oppskrifter i manuskript K om Salssum Dominorom, «Herresovs» og bruken av herresausen til vilt (K6 og K7). Oppskrift Q15 er to oppskrifter, den eine på «Spækket mælk» og den andre på «Blommet mælk» i manuskript Q.Manuskript Q Det er i alt 10 fleire oppskrifter bevart i Q enn i manuskript K.
Oppskriftdøme frå Manuskript K av Libellus De Arte Coquinaria mini|Krydderblanding brukt i kokeboka Libellus De Arte Coquinaria til Herresaovs: nellik, muskatnøtt, kardemomme, kanel, pepar og ingefær.
K6. Herresovs (Q5) K6. Quomodo temperetur salsum dominorum et quam diu durat. (Q5) Man skal takæ gørfærs naghlæ. oc muscat. cardemomum. pipær. cinamomum thæt ær kaniæl. oc ingifær. allæ iæfn wæghnæ. tho swa at kaniæl ær æm mykæt sum allæ hinæ andræ. oc slyk tu stekt brøth sum allæ hinæ andræ. oc støtæ them allæ samæn. oc malæ mæth stærk ædykæ oc latæ .i. en læghæl. Thæt ær hærræ salsæ. oc ær goth et halft aar.
Korleis ein lagar herresaus og kor lenge han kan halda seg. Ein tek nellik, muskat, kardemomme, pepar, cinamomum som er kanel, og ingefær, alle i same mengd. Men det skal der vera dobbelt så mykje kanel som av alle dei andre. Og like mykje rista brød (raspa) som alle dei andre (kryddera). Og støyt dei alle samen. Og mal med sterk eddik og legg i ei flaske. Dette er herresaus, og er godt i eit halvt år.
Utgjevingar Libellus De Arte Coquinaria manuskript K blei trykt av Christian Molbech i 1844 i Historisk Tidsskrift. I same artikkel samanlikna Molbech skilnader med manuskript Q, som han var i besittelse av.
Manuskripta K og Q blei blant anna blitt utgitt i boka HARPESTRÆNG, Gamle danske urtebøger, stenbøger og kogebøger. av Marius Kristensen i København, 1908-1920.
Det norrøne manuskript D blei trykt i An Old Icelandic Medical Miscellany [Ms. Royal Irish Academy 23D 43] i 1931 av Henning Larsen. Dette har gjeven ein del forvirring gjennom å ukorrekt kalla kokeboka islandsk, sjølv om manuskript D aldri har forlate Irland.
Ei utgåve på engelsk Libellus De Arte Coquinaria: An Early Northern Cookery Book, som kombinerer og omset dei fire bevarte versjonane, blei gitt ut av Arizona Center for Medieval and Renaissance Studies i 2001 med Constance B. Hieatt og Rudolf Grewe som redaktørar og Vincent F. Cuenca som omsetja. I tillegg til manuskripta og omsetjingane deira og gloser frå dei tre språka inneheld boka òg fyldige notat, kommentarar og detaljert presentasjon av matlaging, ingrediensar, krydder og kjøkkenutstyr i mellomalderen.Squires, Ann. "Libellus de arte coquinaria: an Early Northern Cookery Book" (book review). Online: Libellus de arte coquinaria: an Early Northern Cookery Book
Manuskript
Det Kongelige Bibliotek i København, Ny samling Nr.66, 8vo, ca. 1300, og Ny samling Nr.70R, 8vo, 1300-tallet begge på dansk (hhv. K og Q) Royal Irish Academy i Dublin, 23 D43, seint 1400-tal, på norrønt (D) Herzog August Library i Wolfenbüttel i Tyskland, Helmst.1213, 1400-talet, på lågtysk (W)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Libellus De Arte Coquinaria» frå , den 7. oktober 2026.
Kategori:Kokebøker Kategori:Mellomalderlitteratur