mini|Flagga til fleire land ved Elysee-palasset i Paris i samband med ein fredskonferanse om Libya i 2011. Nasjonalflagga (bortsett frå dei til vertsstaten Frankrike, Europa og SN, som er i midten) er arrangerte i alfabetisk rekkjefølge etter namna til landa på fransk: Allemagne, Belgique, Canada, Danemark, Émirats Arabes Unis, Espagne, États-Unis, Grèce, Irak, Italie, Jordanie, Maroc, Norvège, Pays-Bas, Pologne, Qatar, Royaume-Uni. Den siste, Ligue Arabe, er i ein sideposisjon fordi det ikkje er eit land. Alfabetisering eller alfabetisk rekkefølgje er det å ordna noko slik at elementa følgjer plasseringa namna deira har i eit alfabet. I matematikk er leksikografisk ordning ei generalisering av alfabetisk rekkefølgje til andre datatypar, som følgjer av tal eller andre ordna matematiske objekt.

For å finna ut kva for ein av to teiknstrenger som kjem fyrst når dei blir arrangert i alfabetisk rekkjefølgje, blir fyrstebokstavene deira samanlikna. Dersom dei er ulike, kjem strengen med ein fyrstebokstav som kjem tidlegare i alfabetet framfor den andre. Om fyrstebokstavane er dei same, blir dei to neste bokstavane i kvar streng samanlikna, og så vidare. Dersom ein kjem fram til der ein streng ikkje har fleire bokstaver å samanlikna medan den andre har det, blir den kortere strengen rekna som å koma før den andre i alfabetisk rekkjefølgje.

Store bokstaver eller majusklar blir generelt sett rekna som identiske som dei tilsvarande små bokstavene når det gjeld alfabetisering, sjølv om det kan finnast konvensjonar for å handtera situasjonar der to strenger skil seg berre i bruk av stor bokstav. Det finst òg ulike konvensjonar for å handtera strenger som inneheld mellomrom, modifiserte bokstaver, som dei med diakritiske teikn, og ikkje-bokstaver som teiknsetjing.

Historie Ordninga av bokstavane i alfabetet er attesterte frå det 14. hundreåret f.Kr. i byen Ugarit på den nordlege kysten av Syria.  På tavler funne der er det over tusen kileskriftteikn, men dei er ikkje babyloniske og det finst berre tretti ulike teikn. Om lag tolv av tavlene har teikna ordna i alfabetisk rekkjefølgje. Det er to funne to ordningar, ei av dei nesten identisk med ordninga som blir brukt for hebraisk, gresk og latin, og ei anna som er svært lik den som blir brukt til geʽez.

Det er ikkje kjent kor mange bokstavar det proto-sinitiske alfabetet hadde, og heller ikkje kva alfabetiske ordning dei hadde. Blant etterfølgjarar av dette alfabetet hadde det ugarittiske alfabetet 27 konsonantar, det sørarabiske alfabetet hadde 29 og det fønikiske alfabetet hadde 22. Skriftteikna blei arrangerte i to rekkjefølgjer, ei ABGDE-rekkjefølgje på fønikisk og ei HLHMQ-rekkjefølgje i sør; ugarittisk heldt på begge rekkjefølgjene. Begge sekvensane viste seg å vera særleg stabile blant etterfølgjarar av desse skriftene.

Alfabetisk ordning av ord blei fyrst nytta i det 1. tusenåret f.Kr. av nordvest-semittiske skrivarar, som nytta abjad-systemet.Reinhard G. Lehmann: "27-30-22-26. How Many Letters Needs an Alphabet? The Case of Semitic", in: The idea of writing: Writing across borders, edited by Alex de Voogt and Joachim Friedrich Quack, Leiden: Brill 2012, pp. 11–52. Men det fanst fleire andre metodar for å klassifisere og ordna materiale, inkludert geografisk, kronologisk, hierarkisk og etter kategori, som blei føretekte framfor alfabetisk rekkjefølgje i hundrevis av år.

Nokre delar av Bibelen er daterte til 600- og 500-talet f.Kr. I Jeremias bok nyttar profeten atbash-substitusjonschiffer, som byggjer på alfabetisk rekkjefølgje i hebraisk. Bibelske forfattarar nytta også akrostikon som bygde på rekkjefølgja til bokstavane i det hebraiske alfabetet.T.d. Salmane 25, 34, 37, 111, 112, 119 og 145 i Den hebraiske Bibelen

Den fyrste effektive bruken av alfabetisering som ein måte å katalogisera verk på blant lærde kan ha vore i det gamle Alexandria,Daly, Lloyd. Contributions to the History of Alphabetization in Antiquity and the Middle Ages. Brussels, 1967. p. 25. i det store biblioteket i Alexandria, som blei grunnlagt rundt 300 f.Kr. Den lærde diktaren Kallimakhos, som arbeidde der, skal ha skapt den fyrste bibliotekkatalogen i verda. Verket hans var kjent som Pinakes, og lista opp informasjon om papyrusrullar ved biblioteket, ordna i alfabetisk rekkefølgje etter den fyrste bokstaven i namnet til forfattarane.

På det 1. hundreåret f.Kr. samla den romerske forfattaren Varro opp alfabetiske lister over forfattarar og titlar. På 100-talet skreiv Sextus Pompeius Festus ein ensyklopedisk epitom av verka til Verrius Flaccus, De verborum significatu, med oppføringar i alfabetisk rekkjefølgje. På 200-talet skreiv Harpokration eit alfabetisert homerisk leksikon.

På 900-talet blei det laga store alfabetiske leksikon av gresk (Suda), arabisk (Ibn Faris sitt al-Mujmal fī al-Lugha) og bibelsk hebraisk (Menahem ben Saruq sitt Mahberet). Alfabetisering som hjelp til oppslag bløma i Italia på 1000-talet, som i verk på latin (Papia sitt Elementarium) og talmudisk arameisk (Nathan ben Jehiel sitt Arukh).

På den andre halvdelen av 1100-talet brukte kristne forkynnarar alfabetiske verktøy for å analysera bibelske ordforråd. Dette førte til samlinga av bibelske konkordansar av dei dominikanske brørne i Paris på 1200-talet under Hugo av Saint Cher. Tidlegare referanseverk som Hieronymus sitt Interpretationes nominum Hebraicorum (fortolkinga av hebariske namn) var alfabetisert for å gjera det lett å konsultera. Bruken av alfabetisering blei opphavleg kritisert av lærde, som venta at studentane deira skulle meistra området dei studerte etter sitt eigne rasjonelle strukturar; men metoden fekk suksess gjennom slike verktøy som Robert Kilwardby sitt indeks til verka til heilage Augustin, som hjelpte lesarane til å få tilgang til den fullstendige originale teksten i staden for å vera avhengige av samlingar av utdrag som var blitt leiande i skolastisismen på 1100-talet. Bruken av alfabetisering var ein del av overgangen frå å hovudsakleg vektlegga minne til å leggja hovudvekt på skriftlege verk. Ideen om å ordna informasjon etter alfabetet møtte òg motstand frå samlarane av encyklopedi på 1100- og 1200-talet, som alle var gudelege kyrkjefolk. Dei føretrekk å organisera materialet sitt teologisk, i ei rekkjefølgje som følgde og byrja med Deus (Gud).

I 1604 måtte Robert Cawdrey forklara alfabetiseringa si i Table Alphabeticall, den fyrste einspråkleg engelske ordboka: «Nowe if the word, which thou art desirous to finde, begin with (a) then looke in the beginning of this Table, but if with (v) looke towards the end»(Om ordet du ønskjer å finna byrjar med (a), sjå på byrjinga av denne tabellen, men om det byrjar med (v), sjå mot slutten". Sjølv om Samuel Taylor Coleridge i 1803 fordømte oppslagsverk med «an arrangement determined by the accident of initial letters,» nyttar mange lister i dag dette prinsippet.

Alfabetisering av latinsk skrift Standardordninga av det moderne ISO-basiske latinske alfabetetet er:

A-B-C-D-E-F-G-H-I-J-K-L-M-N-O-P-Q-R-S-T-U-V-W-X-Y-Z

Eit døme på ei enkel alfabetisk ordning er:

As; Aster; Astrolabe; Astronomy; Astrophysics; At; Ataman; Attack; Baa

Ein anna døme:

Barnacle; Be; Been; Benefit; Bent

Orda over er ordna alfabetisk. As kjem før Aster fordi begge byrjar med dei same to bokstavane, men As berre har dei to bokstavane og Aster har fleire bokstaver etter dei. Dei neste tre orda kjem etter 'Aster' fordi den fjerde bokstaven deira (den fyrste som skil seg) er r, som kjem etter e (den fjerde bokstaven til Aster) i alfabetet. Dei same orda er ordna etter den sjette bokstaven (l, n og p). Så kjem At, som skil seg frå dei føregåande orda gjennom den andre bokstaven (t kjem etter s). Ataman kjem etter At av same grunn som Aster kom etter As. Attack følgjer Ataman basert på samanlikning av dei tredje bokstavane, og Baa kjem etter alle dei andre fordi han har ein annan fyrstebokstav.

Særlege tilfelle

Modifiserte bokstavar På fransk blir modifiserte bokstaver (som dei med diakritiske teikn) handsama som grunnbokstaven i samband med alfabetisering. Til dømes kjem rôle mellom rock og rose, som om det var skrive role. Men språk som systematisk bruker slike bokstaver har generelt sine eigne alfabetiseringsreglar, som kan variera.

Alfabetisering etter etternamn I dei fleste kulturar der slektsnamn blir skrivne etter fornamn er det likevel vanleg å sortera namnelister (som i telefonkatalogar) med slektsnamna fyrst. I slike tilfelle må namna byttast for å ordna dei rett. Til dømes skal Juan Hernandes og Brian O'Leary sorterast som «Hernandes, Juan» og «O'Leary, Brian» sjølv om dei ikkje er skrivne slik til vanleg. Det er komplisert å formulera denne regelen i ein datasorteringsalgoritme, og enkle forsøk vil ikkje lykkast. Til dømes, med mindre algoritmen har til disposisjon ei omfattende liste over slektsnamn, er det ingen måte for han å avgjera om «Gillian Lucille van der Waal» skal omordnast til «van der Waal, Gillian Lucille», «Waal, Gilian Lucille van Der» eller «Lucille van der Vaal, Gillian».

«The» og andre vanlege ord Om ein frase byrjar med eit svært vanleg ord (som «the», «den», «a» eller «an», kalla artiklar i grammatikken), blir dette ordet til tider ignorert eller flytta til slutten av frasen, sjølv om dette ikkje alltid er tilfelle. For eksempel kan boka The Shining bli ordna som «Shining», eller «Shining, The», og dermed før boktittelen «Summer of Sam». Men ho kan òg reknast som berre «The Shining», og dermed etter «Summer of Sam». På same måte kan «A Wrinkle in Time» handsamast som «A Wrinkle in Time», «Wrinkle in Time, A» eller «Wrinkle in Time». Alle tre alfabetiseringsmetodane er ganske enkle å følgja ved hjelp av algoritmer, men mange program er avhengige av enkel leksikografisk ordning i staden.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alphabetical order» frå , den 8. oktober 2026.

Kategori:Alfabet