Konstantin Georgijevitsj Paustovskij () var ein russisk forfattar og journalist som var verksam i sovjetisk tid.

Biografi Paustovskij vaks opp i Veslerussland og studerte ved Universitetet i Kiev og Universitetet i Moskva. I ungdomen hadde han fleire ulike yrke: under 1. verdskrig var han mellom anna sporvognførar i Moskva og frivillig sjukepleiar ved den russiske vestfronten. Han arbeidde seinare innan fleire yrke, mellom anna som fabrikkarbeidar i fleire byar og fiskar ved Azovhavet. Under borgarkrigen på 1920-talet gjekk han inn i Den raude arme og vart med i striden mot dei kontrarevolusjonære styrkane i Ukraina. I etterkrigstida arbeidde han som journalist, mellom anna i Odessa. Han var rastlaus og reiste mykje rundt i Sovjetsamveldet.

I 1932 gav han ut «Kara-Bugaz», som handla om kysten rundt laguna Kara-Bogaz-Gol aust i Det kaspiske havet. I fylgje Hans Björkegren var det denne boka som vart gjennombrotet hans som forfattar. Björkegren meiner at han langt på veg skreiv sjølvbiografisk. Under 2. verdskrigen var han krigskorrespondant på den sovjeiske sørfronten.

Merknadar

Referansar H. Björkegren, Konstantin Paustovskij, føreord i K. Paustovskij, Det svarta svalget, Wahlström & Widstrand, 1965.

Kategori:Russiske forfattarar Kategori:Sovjetiske forfattarar