mini|Stabbur mini|Steinkjellar Snåsa prestegard eller Vinje prestegard (gnr. 50) ligg om lag 150 meter vest for Snåsa kyrkje. Garden har eit slags skeivt firkanttun, med hovudbygningen på austsida av tunet.
Hovudbygningen har tre fløyer og er oppført i tre etappar: hovudfløya i aust frå ca. 1770, sørfløya ca. 1820 og nordfløya ca. 1870. Det dreier seg om eit laftebygg i to etasjar med eit tårnoppbygg på midten, der det er gjennomkøyring til tunet. Bygningen, og særleg austfasaden, vart restaurert i 1926–28 ved John Egil Tverdahl.
Hovudbygningen er freda, og det same gjeld eit stabbur i to etasjar og en steinkjellar (oppført omkring 1870) som står utanfor tunet.
Kjelder
Fotnotar Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Nord-Trøndelag fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 130.
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Snåsa