Altan er ei irsk folkemusikkgruppe som blei danna i County Donegal i 1987.

Historie Gruppa blei danna av ekteparet Frankie Kennedy (fløyte) og Mairéad Ní Mhaonaigh (vokal og fele) etter at dei hadde spelt inn to album under eige namn: Ceol Aduaidh (1983), ei samling irskspråklege songar og jigar og reelar frå Ulster. Med på plata var Eithne Ní Bhraonáin, ein så langt ukjend musikar som i likskap med Mhaonaigh kom frå Gaoth Dobhair i County Donegal. Ho blei seinare kjend som Enya. Dei gav ut eit album dei kalla Altan som òg bouzoukispilleren Ciarán Curran og gitaristen Mark Kelly deltok på. Desse to siste var med då gruppa blei permanent i 1987.

Musikalsk held Altan seg relativt nær røtene ved å spela i snøgg County Donegal-tradisjon. Andre kjenneteikn er den lyse stemma til Mairéad Ní Mhaonaigh, og den innsmigrande røysta til Dáithí Sproules.

Dei har gjeve ut boka The Tunes, som spenner over tretti år, tolv studioalbum og består av 222 melodiar. Boka inneheld mange historier om opphavet til songane, om historia til gruppa, og nokre melodiar har òg angitt akkord.

Diskografi

Album av Frankie Kennedy og Mairéad Ní Mhaonaigh

Ceol Aduaidh («Musikk frå nord», 1983) Altan (1987)

Altans studioalbum

Horse with a Heart (1989) The Red Crow (1990) Harvest Storm (1991) Island Angel (1993) Blackwater (1996) Runaway Sunday (1997) Another Sky (2000) The Blue Idol (2002) Local Ground (2005) 25th Anniversary Celebration (2010) ei samling studioopptak av tidlegare materiale (pluss to nye songar) med orkesterarrangement The Widening Gyr (2015) The Gap Of Dreams (2018)

Samlealbum

The First Ten Years (1986–1995) (1995) ei Green Linnet Label 1-CD samling The Best Of Altan (1997) ein Green Linnet 2-CD samling (den andre CD-en er ein 50-minutts bonus-CD av ein livekonsert i Tyskland i 1989) Altan's Finest (2000) ein Valley Label 1-CD av Green Linnet-åra Once Again 1987-93 (2000) ei Recall Records UK Label 2-CD samling av Green Linnet-åra The Best of Altan: The Songs (2003) en Virgin Records Label samling av låtar frå Virgin og Narada-albumene: fem låtar frå Another Sky, fire fra Runaway Sunday, tre frp Blackwater og to frå The Blue Idol

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Altan (band)» frå , den 12. oktober 2026. Richard Schuberth: CrossRoots Moers 2002, ISBN 3-935943-00-8

Kategori:Irske folkemusikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1987