mini|Gjenutgjevinga frå 1883 av det som er bevart av Aggershusiske Acter. Aggershusiske acter er ein norsk trykksak som vart gjeven ut i 1644. Den fullstendige tittelen var Aggershusiske acters første quartaels summariske beskriffelse paa nerverende aar 1644 flitteligen samlet oc forfattet. Det er rekna som det fyrste forsøket på å etablera ei periodisk presse i Noreg.

Det er allment antatt at soknepresten og humanisten Kjeld Stub må ha vore den anonyme utgjevaren.Myhre, Olav 1944: Svunne tiders sensasjoner. Streiftog gjennem norsk pressehistorie. Oslo: Jacob Dybads forlag.

I 1883 kom det ut eit opptrykk på Thronsens forlag, basert på det einaste kjende eksemplaret. Dette er no ved Kungliga biblioteket i Stockholm, og er ikkje komplett, men består av 12 upaginerte blad i mindre kvartformat. Ei privat hand har seinare nummerert sidene fortløpande frå 1 til 58, og ender i april 1644.

Kva intensjonen med utgjevinga var er uklart, og denne uvissheita førte også til at overbibliotekar Egil A. Tveterås i Norsk tidsskriftindeks reiste ei viss tvil, og spurte retorisk om utgjevinga eigentleg kunne kvalifisera til nemninga «periodisk».

Kjelder

Bakgrunnsstoff Faksimilieutgåve ved nb.no

Kategori:Tidlegare norske tidsskrift Kategori:Skipingar i 1644 Kategori:Nedleggingar i 1644