Matthew Dubourg () var ein engelsk fiolinist, dirigent og komponist som var mesteparten av livet i Irland.Royal Society of Musicians – Members database . Retrieved 30 March 2013 I tillegg til andre prestasjonar leidde Dubourg orkesteret ved urframføringa av Georg Friedrich Handel sitt store oratorium Messias.

Liv og virke Dubourg var fødd i London som den uekte sonen til ein dansemeister. Namnet på mora hans er ukjent.David J. Rhodes: "Dubourg, Matthew", in: The Encyclopaedia of Music in Ireland, ed. by Harry White and Barra Boydell (Dublin: UCD Press, 2013), p. 332. I 1712 framførte han ein Corelli-sonate medan han stod på ein krakk i huset til Thomas Britton. Som 11-åring i 1714 fortsette han studiane sine som elve av den kjende italienske fiolinisten, komponisten og musikkteoretikaren Francesco Geminiani. Han framførte ein sonate på Queen's Theatre i mars 1714, ein velferdskonsert i mai i Hickford's Room, og mange andre framføringar under sesongen i London.Ford, A. (2004). Dubourg, Matthew (1703–1767), violinist and composer. Oxford Dictionary of National Biography. Retrieved 10 July 2021 (subscription or UK public library membership required).

17. juni 1727 gifta han seg med Frances, ei dotter av musikaren Bernard Gates i Stanmore i Middlesex.. Dei fekk eit barn, ei dotter som heitte Elizabeth, som gifta seg med oboisten Redmond Simpson den 22. september 1753 og fekk eitt barn..

Dubourg var konsertmeister i Dublin frå 1728 til 1764. Tittelen hans var Chief Composer and Master of Music attending His Majesty's State in Ireland ved Dublin Castle. Han var ei stor kraft i det musikalske livet i Dublin, i lag med Geminiani, som var venen og læraren hans i ei årrekkje.

Dubourg var ein nær ven av Handel, og følgde den veksande karrieren hans i London, og det generelle musikklivet der, frå andre sida av Irskehavet. Dubourg hadde arbeidd med Handel i London så tidleg som i 1719. I 17142 leidde Dubourg orkestret i dei fyrste framføringane av Handels Messias ved Mr Neale's Music Hall i Dublin den 13. april 1742. Etter urframføringa av Messias reiste Dubourg til London med Handel og framførte fleire andre verk med han i Covent Garden, mellom anna Samson, L'Allegro ed il Penseroso, og premieren i London av Messias i 1743. Han vende tilbake til Dublin i oktober.

Verk Dubourg skreiv fleire verk, som framleis blir spelte, særleg i Storbritannia. Ein av lidenskapane hans var å ta kjende irske melodiar og omforma dei til seinbarokk stil, som med Variations of Druid Tunes. Variasjonane hans av Arcangelo Corelli sine 12 fiolinsonatar (op. 5) blir også ofte høyrde,

Seinare liv og død I 1752 blei Dubourg meister av Royal Chapel i London, ein stilling han hadde til han døydde i 1767.. Etter at Handel døydde i 1759 etterlet han pengar til Dubourg i testamentet sitt. Den 3. juli 1767 skreiv Dubourg eit kort testamente og etterlét mesteparten av eigedommen sin til kona Frances, og han døydde kort tid etter dette. Det er nokre spørsmål om datoen for døden, men den registrerte datoen for dødsfallet hans er 5. juli 1767.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Matthew Dubourg» frå , den 26. oktober 2026.

Kategori:Engelske komponistar Kategori:Irske dirigentar Kategori:Engelske dirigentar Kategori:Komponistar frå 1700-talet Kategori:Barokkomponistar