mini|Sharon Shannon med band, 2018 Sharon Shannon () er ein irsk musikar som hovudsakleg er kjend som trekkspelar, men òg for feleteknikken sin. I tillegg til knappetrekkspel spelar ho òg blekkfløyte og toradar.
Shannon er frå landsbyen Ruan i County Clare. Då ho var ung spelte ho musikk med dei to systrene sine, Mary på banjo og Majella på fiolin og broren Garry, som spelte fløyte. Som åtteåring byrja ho å opptre med Disirt Tola, eit lokalt band, som ho turnerte med i USA då ho var 14 år gammal. Shannon hadde sprangridnng som hobby, men la opp då ho var 16 for å fokusera på musikken. På midten av 1980-talet studerte Shannon trekkspel med Karen Tweed og fele med Frank Custy, og opptredde med gruppa Arcady, som ho var med på å skipa.
I tenåra drog ho til Doolin, ein landsby i Irland der mange tradisjonelle irske musikarar kjem saman. Steve Wickham frå The Waterboys bad henne om å vera med bandet på turné. Shannon blei med i gruppa, og i ettertid er denne besetninga blitt omtalt som «The Magnificent Seven». 21 år gamal spelte ho trekkspel og fele på albumet Room to Roam (1990), og var òg med på å skriva «The Kings of Kerry».
Shannon slutta i Waterboys då dei gjekk over til å spela meir i sjangeren rock. Ho gav ut debutalbumet sitt med tradisjonell irsk musikk i 1991, Sharon Shannon, som fekk god kritikk og selde svært bra. 10 av dei 14 spora på albumet er skrive av Shannon. To av spora, «Blackbird» (skriven av Sharon Shannon og Donal Lunny) og «Coridinio» (av Shannon) blei òg gjevne ut på albumet A Woman's Heart (1992) med seks kvinnelege irske artistar, Dolores Keane, Mary Black, Eleanor McEvoy, Frances Black, Maura O'Connell og Shannon. Albumet har selt nesten ein million eksemplar over heile verda, meir enn noko anna album av irsk musikk.
Det andre albumet til Shannon, Out The Gap, kom ut i 1994, og har meir av eit reggae-preg. Each Little Thing, det tredje albumet, kom ut i 1997, og i 1998 kom samlealbumet Spellbound. Shannon spelte på Steve Earle-songen «The Galway Girl», som blei gjeven ut på både Earle sitt album Transcendental Blues og på Shannon & Friends sitt album The Diamond Mountain Sessions. Dette albumet inkluderte vokal frå ei rekkje artistar, og albumet blei òg ein kommersiell suksess og blei sertifisert trippel platina. Begge desse albuma kom ut i 2000. Eit anna samarbeid med Earle var instrumentallåten «Dominic Street», som kom på Earle sitt album Sidetracks frå 2002. I 2004 gav Shannon ut albumet Libertango med gjesteartistar som Róisín Elsafty, Sinéad O'Connor og Kirsty MacColl.
Shannon har òg arbeidd med blant anna Jackson Browne, Coolfin, Dónal Lunny, Moya Brennan, Christy Moore, Paul Brady, Liam O'Maonlai, John Prine og Mundy. Ho spelte òg Earle sin låt «The Galway Girl» på Mundy sitt konsertalbum Live and Confusion (2006). Denne låten blei den mest nedlasta i Irland i 2007, og vann ein Meteor Award. Sharon Shannon har turnert rundt i verda, og har opptredd for politikarar som Bill Clinton, Mary Robinson og Lech Wałęsa. I 2007 samarbeidde Shannon med Belinda Carlisle på albumet Voila. I fleire år opptredde Shannon i ei rekkje live-samarbeid, på scenen og TV med Shane MacGowan, med bandet sitt som framførte ei rekkje Pogues-songar, og MacGowan framførte songar frå Shannon sitt repertoar på eit tidspunkt då han elles sjeldan opptredde live eller spelte nytt materiale. Blant dei mange samarbeida hennar er Donovan-albumet Gaelia: The Sulan Sessions, der ho og ei rekkje andre artistar som David Gilmour og Nigel Kennedy var med.
Ho vann ein Lifetime Achievement Award ved Meteor Awards i 2009, og i oktober 2018 tildelt NUI Galway ein æresdoktorgrad til Shannon.
Diskografi
Sharon Shannon (1991) Out the Gap (1994) Each Little Thing (1997) Spellbound: The Best Of Sharon Shannon (1999) The Diamond Mountain Sessions (2000) Live in Galway (2002) med the Woodchoppers Libertango (2003) tunes (2005) med Frankie Gavin, Michael McGoldrick og Jim Murray The Sharon Shannon Collection 1990–2005 (2006) Live at Dolans CD & DVD (2007) Renegade (2007) med Mike McGoldrick, Dezi Donnelly, og Jim Murray Saints & Scoundrels (2009) upside down (2009) med Mike McGoldrick, Dezi Donnelly, og Jim Murray Flying Circus (2012) med Jim Murray og the RTÉ Concert Orchestra The Set List US/Canada 2014 (2014) In Galway CD & DVD (2015) med Alan Connor Live in the US and Canada 2016 (2016) med Jim Murray og Alan Connor Sacred Earth (2017) Live in Minneapolis (2019) The Winkles Tapes 1989 (2019) The Reckoning (2020) Now! (2024)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sharon Shannon» frå , den 28. oktober 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Irske musikarar Kategori:Trekkspelarar