«Any Colour You Like» er ein instrumental av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen er laga av David Gilmour, Richard Wright og Nick Mason
Komposisjon Songen er bygd opp av ein synthesizermelodi, som etter kvart glir inn i ein gitarsolo. Til å vere 1973 vart det brukte avanserte effektar både på synthesizeren og gitaren. VCS3-synthesizeren vart køyrt gjennom ein lang lydbandsløyfe for å skape den fallande og stigande lyden i soloen. David Gilmour brukte to gitarar med ein såkalla UniVibe-effekt.
Songen vert òg kalla «Breathe (2nd reprise)» (og i gitartabulatorboka for Dark Side står den til og med oppført som dettehttp://www.pink-floyd.org/faq/faq1.htm#16). Songen er bygd opp rundt om lag den same akkordprogresjonen som «Breathe», men er transponert ned eit hakk få E til D, i tillegg til å ha eit mykje meir funky komp enn «Breathe».
Tittelen kom frå ein av studioteknikarane som ofte svarte på spørsmål med «You can have it any colour you like», som var ein referanse til Henry Ford si skildring av bilen Model T: «You can have it any color you like, as long as it's black.»
Konsertversjonar På tidlege konsertversjonar vart det ikkje synthesizersolo, og songen var ein lang instrumentalimprovisasjon kalla «Scat Section» eller «Scat». Gilmour song ofte i lag med gitarsoloen sin gjennom ein mikrofon som var kopla til ein Lesliehøgtalar. Av og til vart òg kordamene med på songen.
I 1975 var songen ofte mykje lengre, av og til opp mot ti minutt, og både Gilmour og kordamene song med på songen. I 1994 var songen litt annleis, med ein del meir synthesizer. Han vart derimot ikkje lengre, som i tidlegare utgåver.
I 2006 spelte Roger Waters songen på turnéen sin The Dark Side Of The Moon Live Tour, med Dave Kilminster på gitar og scatvokal.
Medverkande David Gilmour – elektrisk gitar, scat-synging Richard Wright – Hammondorgel, EMS VCS 3, EMS Synthi AKS Roger Waters – bassgitar Nick Mason – trommer, perkusjon
Kjelder
Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Rockeinstrumentalar Kategori:Songar skrivne av Nick Mason Kategori:Songar skrivne av David Gilmour Kategori:Songar skrivne av Richard Wright Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Richard Wright Kategori:Songar produserte av Nick Mason