Akvarium (russisk Аквариум) er eit russisk rockeband som vart danna i Leningrad i 1972 av Boris Grebensjtsjikov (ofte berre kalla BG) og Anatolij «George» Gunitskij. Bandet har hatt ei heil rekkje forskjellige medlemmer, og BG er den einaste som har vore med heile perioden. Akvarium er eit av dei eldste russiske rockebanda, og i motsetnad til dei fleste andre rockebanda som vart starta i Sovjetunionen på 1970-talet held Akvarium framleis på i dag.
Soge Periodane er gjevne i samsvar med den offisielle soga til bandet.
Akvarium 1.0 (1972-1991) Dei første åra I juli 1972 gjekk Boris Grebensjtsjikov og Anatolij «George» Gunitskij i saman og danna ei postmoderne og poetisk musikkprosjekt. Gunitskij kom på namnet, kalla opp etter ein kafé på Budapestgata i Leningrad (som vart lagt ned på 1980-talet). Den første tida gjekk stort sett med til øvingar, men dei skal ha spelt ein konsert i ein liten restaurant kalla «Trjum» i Leningrad, noko dei fekk 50 rublar for.
På denne tida bestod bandet av BG, Gunitskij (trommer), Aleksandr Tsatsanidi (bass), Aleksandr Vasiljev (tangentinstrument) og Valerij Obogrelov (lydar).I ein kort periode på slutten av 1972 hadde Akvarium med seg gitaristen Edmund Sjkljarskij frå gruppa Piknik på gitar.
I januar 1973 kom Mikhail Feinstein-Vasiljev inn som bassgitarist, den første profesjonelle musikaren i Akvarium, og same året vart Andrej «Djusja» Romanov ny tangentspelar, men påverka av Ian Anderson frå Jethro Tull vart han snart sett til å spele fløyte. Framleis spelte bandet likevel sjeldan konsertar, og sat som regel heime i husværet til eit av bandmedlemmane og spelte The Beatles eller sine eigne songar.
Dei «prehistoriske» albuma I januar og februar 1973, medan BG og Gunitskij hadde ferie, spelte dei to inn Akvarium sitt første album på kassett med primitivt opptaksutstyr, kalla Iskusjenie Svjatogo Akvariuma (St. Akvarium si freisting). Dette albumet vart lenge rekna for å vere tapt, men i 1997 vart teipen funne og gjeven ut på ei CD-samling i 2001 kalla Prehistorisk Akvarium.
Like etter spelte dei inn eit liknande album kalla Menuet Zemledeltsu (Menuett for ein bonde), men i motsetnad til Isksjenie Svjatogo Akvariuma, er denne kassetten tapt.
Det tredje albumet, Prittsji Grafa Diffuzora (Parablane til Graf Diffusor), vart spelt inn av heile bandet. Ingen i bandet kan hugse heilt nøyaktig kortid det var, men dei meiner det var våren 1974. Same året og eit par år framover deltok bandet i ei teatergruppe, men BG mislikte blandinga av rock, poesi og teater, og valde å konsentrere seg meir om musikken. I denne perioden forlét Gunitskij bandet, men heldt framleis kontakten med dei.
I 1975 vart Vsevoloda (Sevy) Gakkelja med i bandet som cellist, og om somrane i denne perioden vandra bandet rundt om i byen og spelte der det måtte passe dei ute i friluft.
I 1976 byrja bandet å spele konsertar meir regelmessig, og den første verkelege konserten til Akvarium (med BG, Gakkelja og Romanov) fann stad 25. februar 1976. 10. mars same året spelte bandet (då med resten av bandet i tillegg) på Tallinn popfestival, der dei spelte fire akustiske songar. Dette året spelte dei også inn albumet S toj storony zerkalnogo stekla (På den andre sida av utstillingsvindauget), og i 1978 eit album i lag med Majkom (Mike) Naumenko kalla Vse bratja - siostry (Alle brør - søstrer). Samtidig byrja Akvarium gradvis å få litt popularitet i heimbyen.
I 1977 vart to av bandmedlemmane, Romanov og Aleksandra «Fagota» Aleksandrova (som av og til spelte med bandet), innkalla til militæret. I 1979 kom dei tilbake, og same året vart bandet kjend med Artemiem Troitskim og Andrejem Tropillo, som eigde studioet der Akvarium spelte inn sine første studioalbum. I tillegg byrja Aleksandr Ljapin å spele med bandet, og vart etter kvart eit fullverdig bandmedlem.
I 1980 spelte bandet inn albumet Muzyka Obzjstvennyh Tualjetov (Musikk frå offentlege toalett), som vart gjeve ut i CD-samlinga Prehistorisk Akvarium (der det feilaktig står oppført at det er frå 1974). Same året vart bandet invitert til ein rockefestival i Tblisi av Artemiem Troitskim, som var den første musikkjournalisten i Sovjetunionen og som hjelpte mange russiske rockeband i starten. Festivalen var eit forsøk frå den sovjetiske regjeringa på å kontrollere den nye rockerørsla, og inneheldt stort sett berre band som alt var godkjend av staten, i tillegg til Kraftwerk. Offisielt var festivalen ein musikkonkurranse, og medlem av juryen vart ikkje imponert over Akvarium si framføring. Etter konserten laga KGB ein rapport om Akvarium. Dette førte til at BG mista jobben sin i eit designbyrå og medlemskapen i Komsomol, det unge kommunistiske forbundet, som betydde ein hadde liten sjans for ein vidare jobbkarriere i Sovjetunionen.
Dei «historiske» albuma I januar 1981 gav gruppa ut albumet Sinij Albom (Det blå albumet), det første verkelege studioalbumet, og av mange rekna som det offisielle debutalbumet til gruppa. Uansett er albumet det første rockalbumet frå undergrunnsrørsla i Sovjetunionen. Bandet byrja her å vise ei interesse for afrikansk musikk («Rutman» og «Reka»), elles går det mykje i viser og viserock, «Tsjaj» er ei vise som vert rekna som ein av klassikarane i russisk musikk.
Sommaren 1981 kom det andre albumet deira, Treugolnik (Triangel), som i følgje BG skulle verte den nye Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band (album av The Beatles frå 1967). Albumet inneheld meir tradisjonell rock, i tillegg til fleire viser og viserock. Tekstane på albumet inneheld ofte absurdisme (nokre av desse vart skrivne av Anatolij «George» Gunitskij).
Like før Treugolnik kom ut vart det opna ein rockeklubb i Leningrad, ei svært viktig hending i sovjetisk rockehistorie, og dette vart basen til Akvarium.
I 1982 kom det to nye album, først Elektritsjestvo. Istorija Akvariuma - Tom 2 (Elektrisitet. Historia om Akvarium - volum 2), og så Akustika. Istorija Akvariuma - Tom 1 (Akustisk. Historia om Akvarium - volum 1). Årsaka til at Elektritsjestvo kom først var at plateomslaget til Akustika ikkje vart ferdig i tide, men på grunn av namna vert Akustika rekna som Akvarium sitt tredje album og Elektritsjestvo som det fjerde. Akustika er ei innspeling av mange av songane som Akvarium spelte i huskonsertane på denne tida. På eine vinylsida av Elektritsjestvo er det songar frå konserten ved rockefestivalen i Tblisi frå 1980, medan andre sida var studioinnspelingar, fleire av desse i reggaestil.
Dette året spelte Akvarium mange konsertar, og ein konsert i Lunatsjarskogo i Moskva vart gjeven ut på konsertalbumet Aroks i Sjtior
I 1983 kom albumet Tabu, eit unikt album, ikkje berre i russisk rockehistorie. Her er rock blanda med element frå jazz og avantgardemusikk. Sergeij Kurjokhin sitt pianospel utgjer ein dominerande del av lydbiletet på enkelte songar med sine avantgarde overtonar. I følgje BG var dette ei tung tid for bandet, og dette var årsaka til at det vart sett eit spørsmålsteikn ved sida av bandnamnet på omslaget. I 1984 gav Andreij Tropillo ut samleplata M.C.I. utan samtykke frå bandet med andre songar som vart spelte inn for Tabu, men som ikkje kom med til slutt.
Akvarium heldt fram med å spele mange konsertar i 1983, hovudsakleg i Leningrad og Moskva. 15. mai 1983 spelte bandet på den første rockefestivalen i Leningrad, som gjekk under namnet «Den første bykonkurransen for amatørrockeband i Leningrad» under mottoet «For antiimperialistisk solidaritet, verda og vennskap!». Akvarium spelte òg på fleire årlege rockefestivalar organisert av rockeklubben Leningrad.
Sommaren 1983 kom albumet Radio Afrika, som BG har kalla «heident». Kurjokhin medverka mykje på albumet, og har til og med laga ein av songane på albumet («Tibetskoje Tango»). Namnet kom frå tidlegare prosjekt som BG og Kurjokhin kalla «Radio Africa», men som ikkje vart noko av. Albumet inneheld songen «Rok-n-roll mjortv», som er ein av dei mest kjende rockesongane i Russland og for mange russarar eit symbol på musikk frå 1980-talet. Aleksandr Titov spelar bass på albumet, for første gong på eit Akvarium-album, og han vart snart eit fast medlem av bandet. Sjølv om ikkje alle likte Radio Afrika, så var bandet i følgje ei spørjeundersøking i avisa Moskovskij Komsomolets i februar 1984 no det nest mest populære bandet i Sovjetunionen.
I 1984 kom det to album. Det første var samleplata Ikhtiologija (Ideologi), som inneheldt songar frå akustiske konsertar i 1983-1984. Det andre albumet var Den Serebra (Sølvdagen), som kom i byrjinga av oktober og var det første albumet Akvarium spelte inn med profesjonelt utstyr. Bortsett frå dei faste medlemmane spelte Aleksandr Kussul fiolin. Mange reknar Den Serebra som eit av dei beste albuma til bandet på grunn av det harmoniske konseptet, det muntre arrangementet, og som alltid obskure og filosofiske tekstar. Songar på albumet inkluderer «Sidja na krasivom kholmje», «Nebo Stanovistsja Blizje» og «Ivan Bodkhidkharma»
Oppfølgjaren til Den Serebra vart Deti Dekabrja (Desemberborn) i 1985, og var litt meir dystert enn forgjengaren. Noko av skulda for det har den postpunk-aktige «Zjazjda» (Tørst) fått, ein song som var skriven tidlegare, men omarrangert for dette albumet. Songar som «Ona Mozjet Dvigat» og «2-12-85-06» var derimot meir muntre. Heile tolv personar var med som låtskrivarar på albumet. Produsent Andreij Tropillo medverka ikkje musikalsk, men skreiv teksten til «2-12-85-06».
Ut av «undergrunnen»
Det tiande albumet til Akvarium var eit konsertalbum kalla Desjat Strel (Ti piler), og vart gjeve ut i 1986. Albumet var ei samling av songar spelt på konsertar dei to åra før albumet kom ut. Songen «Gorod» (Byen) vart berre gjeve ut på dette albumet, og er ein av dei mest kjende songane til Akvarium. Songen er derimot ikkje skriven av Akvarium, men er ein song av musikaren Vladimir Vavilov frå Leningrad i 1967-1968, med tekst av Anri (Andrej) Bolokhonskij frå 1972. Albumet vart dedisert til Aleksandra Kussulja, som døydde like før albumet kom ut.
Same året vart det gjeve ut ei samleplate i USA med sovjetisk rockemusikk kalla Red Wave. Albumet var ei dobbelplate, der fire band, inkludert Akvarium, fekk ei heil vinylside kvar. Kort tid etter at Red Wave kom ut, kom Akvarium sitt første album på det statseigde plateselskapet Melodija (kalla Belyj Albom (Det kvite albumet)), og var ei samling av songar frå Den Serebra og Detej Dekabrja.
I 1987 vart Akvarium stadig meir populære, og året vart på sett og vis gjennombrotsåret deira. I mars 1984 vart gruppa invitert til sin første opptreden på programmet «Muzykalnyj Ring» (Den musikalske ringen) på Leningrad TV. 24. oktober 1986 opptredde bandet igjen på TV-programmet, og i januar 1987 vart denne framføringa vist på fjernsyn over heile landet. Bandet steig med det fram frå undergrunnen og vart ein viktig del av ungdomskulturen i Sovjetunionen. Før dette var det stort sett berre spesielt interesserte som kjende bandet. I mars 1987 utpeikte magasinet Junost (Ungdom) Akvarium til den beste musikkgruppa i landet, medan BG vart utpeikt som den beste musikaren.
I 1987 kom filmen Assa av Sergej Solovjova, som hadde med fem songar av Akvarium, inkludert «Gorod». Det vart òg gjeve ut eit filmmusikkalbum med desse fem songane på.
To år etter førre studioalbum kom Ravnodenstvije (Jamdøger) på Melodija. Dette var siste Akvarium-album på fire år. BG karakteriserte albumet som Akvarium sin svanesong på 80-talet og var stort sett misnøgd med resultatet, og skulda på plateselskapet Melodija.
Sergej Debizjev laga i 1988 to filmar der han brukte musikk av Akvarium, og i tillegg laga han ein musikkvideo til songen «Poezd v Ogne».
BG i vesten 3. juni 1988 spelte bandet sin første konsert utanlands, i Montreal i Canada, og like etter byrja BG å skrive songar for eit framtidig engelskspråkleg album.