Kjetil Jansrud () er ein norsk alpinist frå Vinstra. Han har tre olympiske medaljar av tre ulike valørar, vunne i tre ulike øvingar, og ein VM-medalje i ei fjerde type øving. I 2010 tok han sølvmedaljen i storslalåm under vinter-OL i Vancouver. Fire år seinare fekk han fyrst OL-bronsen i utforrennet under vinterleikane i Sotsji, før han så vart olympisk meister i super-G-tevlinga i same leikane. I VM i alpine greiner 2015 vann han sølvmedaljen i kombinasjon.

Karriere Jansrud starta karrieren sin i 2001/2002, allereie som sekstenåring, då han deltok i Europacupen i alpint. Han debuterte på internasjonalt seniornivå 19. januar 2003 i Wengen i slalåm og var med i verdscupsesongen 2004/2005. Jansrud var òg med i den norske troppen til VM 2005 i Bormio.

Det beste resultatet til Jansrud i verdscupen til no er ein tredjeplass. Jansrud fekk det fyrste møtet med pallen i storslalåm i Adelboden den 10. januar 2009. Jansrud låg på 14. plass etter fyrste omgang, men køyrde seg inn til ein tredjeplass i andre omgang. Han enda opp 72 hundredelar bak vinnaren Benjamin Raich, og 48 hundredelar bak andreplassen til Massimiliano Blardone.

I tillegg har han to fjerdeplassar. Den fyrste kom i desember 2005 i slalåmrennet i Beaver Creek. Den andre kom tre år seinare, i desember 2008 på same stad, men denne gongen i storslalåm.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Resultatoversikt hjå FIS

Kategori:Norske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Noregsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2018 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2022 Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris Kategori:Folk frå Nord-Fron