John Alieu Carew () er ein tidlegare norsk landslagsspelar i fotball. Han er 1,93 m høg og veg rundt 90 kg, spelte i hovudsak spiss og er kjend for ekstrem fart og hovudstyrke.

John Carew er fødd i Lørenskog. Far hans er frå Gambia medan mor hans kjem frå Heidal i Gudbrandsdalen i Noreg. Carew debuterte på A-landslaget i 1998, og vart med det den fyrste farga spelaren på det norske landslaget. I periodar har han nekta å spele på landslaget, og då spesielt etter ein episode i Drammen der han utøvde vald mot medspelar (John Arne Riise) etter ei trening.

Carew hadde per desember 2006 spela 59 A-landskampar, og scora 14 mål for Noreg. Frå før hadde han 37 kampar på aldersbestemte landslag.

John Carew fekk Kniksenprisen i 2006 for prestasjonane sine i Olympique Lyonnais i 2005.

22. januar 2007 gjekk Carew over til Aston Villa, som del av ein byttehandel der Olympique Lyonnais fekk Milan Baros. Han var Aston Villa sin toppskårar i Premier League i 2007/08-sesongen, med 13 seriemål.

Karriere som spelar (Sist oppdatert 22. januar 2006) KlubbKampar*Mål*PeriodeMeisterskap Lørenskog??????-1997 Vålerenga43191997-1999Cupmeister 1997 Rosenborg22171999-2000Seriemeister 1999 Valencia84202000-2003Spansk seriemeister 2002 AS Roma (lån)1952003-2004 Besiktas24132004-2005 Lyon1772005-2007Fransk seriemeister 2006 Aston Villa002007- * Berre seriekampar.

Meritt Personlege utmerkingar Kniksenprisen i 2005 Vålerenga IF Noregscupen i 1997 Rosenborg BK Tippeligaen i 1999 Valencia CF Primera División i 2002 Lyon Ligue 1 i 2006

Carew, John Carew, John Carew, John Carew, John Carew, John Carew, John Carew, John Carew, John Carew, John Carew, John Carew, John Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball