Ein teknisk atmosfære (symbol: at) er ei trykkeining som er lik 1 kilopond per kvadratcentimeter eller 980,665 hPa eller om lag 0,96784 standardatmosfære. Eininga er ikkje ei SI-eining.
Symbolet «at» kan stundom forvekslast med symbolet for katal («kat»), SI-eininga for katalytisk aktivitet. Ein kiloteknisk atmosfære vil få symbolet «kat», og vil dermed vere heilt likt symbolet for katal.