mini|Kautokeino kyrkje mini|Nesseby kyrkje mini|Sirbmá kapell Indre Finnmark prosti, nordsamisk Sis-Finnmárkku proavássuohkan, er eit tenestedistrikt i Nord-Hålogaland bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Karasjok. Prostiet svarar til kommunane Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger og Tana i geografisk utstrekking. Med ei utstrekking på 25 520,2 kvadratkilometer er Indre Finnmark prosti det største i Noreg.
Prostiet vart oppretta 1. april 1991 etter ei større omorganisering av prestegjelda i Finnmark. Prestegjelda vart skildeut frå Alta prosti, Hammerfest prosti og Varanger prosti og samordna i eitt samisk prosti. Nyorganiseringa har ført til ei styrking av samisk kyrkjeliv i Sápmi. Forvaltningsspråket i prostiet er nordsamisk. Gudstenestene og alle kyrkjelege handlingar vert haldne på både nordsamisk og norsk. Det vert stilt krav om at prestane som arbeider i prostiet skal kunne samisk, men ein eigen kyrkjetolk syrgjer for omsetjing til samisk.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.
Sokn i Indre Finnmark prosti
Karasjok kommune Tidlegare Karasjok prestegjeld Karasjok sokn
Kautokeino kommune Tidlegare Kautokeino prestegjeld Kautokeino sokn
Tana kommune Tidlegare Tana og Nesseby prestegjeld Tana sokn Polmak sokn
Nesseby kommune Tidlegare Tana og Nesseby prestegjeld Nesseby sokn
Porsanger kommune Tidlegare Porsanger prestegjeld Porsanger sokn
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune
Bakgrunnsstoff Om Indre Finnmark prosti på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Finnmark fylke Kategori:Nord-Hålogaland bispedømme