mini|Mandal kyrkje mini|Spangereid kyrkje mini|Greipstad kyrkje mini|Søgne kyrkje mini|Valle kyrkje i Lindesnes Mandal prosti var eit tenestedistrikt i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten hadde sete i Mandal. Prostiet svara til kommunane Audnedal, Lindesnes, Mandal, Marnardal, Songdalen, Søgne og Åseral i geografisk utstrekking. Prostiet er no ein del av Lister og Mandal prosti.Agder og Telemark bispedømmeråd: Møteprotokoll 22.10.2018, s. 4.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.
Sokn i Mandal prosti
Mandal kommune Tidlegare Mandal prestegjeld Mandal sokn Harkmark sokn Holum sokn
Søgne kommune Tidlegare Søgne prestegjeld Søgne sokn
Songdalen kommune Tidlegare Søgne prestegjeld Greipstad sokn Finsland sokn
Marnardal kommune Tidlegare Marnardal prestegjeld Bjelland sokn Øyslebø sokn Laudal sokn
Lindesnes kommune Tidlegare Sør-Audnedal prestegjeld Lindesnes sokn
Audnedal kommune Tidlegare Nord-Audnedal prestegjeld Grindheim sokn Konsmo sokn
Åseral kommune Tidlegare Nord-Audnedal prestegjeld Åseral sokn
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune
Kjelder
Bakgrunnsstoff Om Mandal prosti på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Agder fylke Kategori:Prosti i Agder og Telemark bispedømme