mini|Haug kyrkje. Eiker prosti er eit tenestedistrikt i Tunsberg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Krødsherad, Modum, Sigdal og Øvre Eiker. Eiker prosti frå Den norske kyrkja Prostiet er vedteke avvikla frå 1. januar 2027. Øvre Eiker vert då del av Kongsberg prosti, medan Krødsherad, Modum og Sigdal vil tilhøyre Ringerike prosti.

Prosten har sete i Hokksund kor Haug kyrkje er prostikyrkje.Haug kyrkje frå Kyrkjesøk

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn og tidlegare prestegjeld i Eiker prosti Krødsherad (tidlegare Krødsherad prestegjeld) Krødsherad sokn Modum (tidlegare Modum prestegjeld) Modum sokn Sigdal (tidlegare Sigdal prestegjeld) Eggedal sokn Sigdal sokn Øvre Eiker (tidlegare Eiker prestegjeld) Bakke sokn Fiskum sokn Haug sokn Vestfossen sokn

Sjå òg: Kyrkjer i Noreg etter prosti Kyrkjer i Noreg etter kommune

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Tunsberg bispedømme Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Buskerud fylke