mini|Tynset kyrkje Nord-Østerdal prosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Alvdal, Folldal, Os, Rendalen, Tolga og Tynset i Hedmark (Innlandet fylke). Prosten har sete på Tynset.
Historie Prostiet vart oppretta i 1867 då Østerdalen prosti vart delt i to. Prostiet femnde frå starten prestegjelda Rendalen, Lille-Elvedalen (Alvdal), Tynset, Tolga og Kvikne.
Tidslinje 1867 - Østerdalen prosti vart delt i to; Nord-Østerdal og Sør-Østerdal prosti. Nord-Østerdal bestod frå skipinga av Alvdal (Lille-Elvedalen), Kvikne, Rendalen, Tolga og Tynset. 1868 - Sollia prestegjeld vart overført til prostiet frå Gudbrandsdalen prosti. 1911 - Engerdal prestegjeld vart oppretta. Området vert skilt ut frå Trysil, Rendalen, Tolga og Røros. 1922 - Engerdal prestegjeld vart overført til Sør-Østerdal prosti. 1966 - Kvikne prestegjeld vart lagt ned og Kvikne sokn vart innlemma i Tynset. 1969 - Sollia prestegjeld vart lagt ned og Sollia sokn vart overført til Stor-Elvdal prestegjeld i Sør-Østerdal prosti. 1982 - Os vart skilt ut frå Tolga som eige prestegjeld. 1989 - Folldal vart skilt ut frå Alvdal som eige prestegjeld. 2004 - Utfasinga av prestegjeldsordninga tok til.
Sokn Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesrådAlvdal sokn Alvdal kyrkje Alvdal Brydalen sokn Brydalen kyrkje Tynset Dalsbygda sokn Dalsbygda kyrkje Os Folldal sokn Folldal kyrkjeEgnund kapell Folldal Hanestad sokn Hanestad kyrkje Rendalen Hodalen sokn Hodalen kyrkje Tolga Holøydalen sokn Holøydalen kyrkje Tolga Kvikne sokn i Østerdalen Kvikne kyrkje i Østerdalen Tynset Narbuvoll sokn Narbuvoll kyrkjeTufsingdalen kyrkje Os Os sokn i Østerdalen Os kyrkje i Østerdalen Os Sjøli sokn Sjøli kyrkje Rendalen Tolga sokn Tolga kyrkje Tolga Tylldalen sokn Tylldalen kyrkje Tynset Tynset sokn Tynset kyrkje Tynset Vingelen soknVingelen kyrkje Tolga Ytre Rendal sokn Ytre Rendal kyrkje Rendalen Øvre Folldal sokn Dalen kyrkje i Østerdalen Folldal Øvre Rendal sokn Øvre Rendal kyrkje Rendalen
Prestegjeld Prestetenesta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Nord-Østerdal prosti desse prestegjelda:
Tynset prestegjeld med Tynset sokn Tylldalen sokn Kvikne sokn Brydalen sokn
Rendalen prestegjeld med Øvre Rendal sokn Ytre Rendal sokn Hanestad sokn Sjøli sokn
Tolga prestegjeld med Tolga sokn Vingelen sokn Holøydalen sokn Hodalen sokn
Os prestegjeld i Østerdalen med Os sokn i Østerdalen Dalsbygda sokn Narbuvoll sokn
Alvdal prestegjeld med Alvdal sokn
Folldal prestegjeld med Folldal sokn Øvre Folldal sokn
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti Prosti i Den norske kyrkja
Referansar
Bakgrunnsstoff Om Nord-Østerdal prosti på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Hamar bispedømme
Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Hedmark fylke Kategori:Skipingar i 1867 Kategori:1867 i Noreg