mini|Lillestrøm kyrkje Nedre Romerike prosti er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Lørenskog, Nittedal, Rælingen og Lillestrøm i Akershus fylke. Prosten har sete på Lillestrøm.
Sokn
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Sokn kyrkje Kyrkjeleg fellesrådFjellhamar sokn Fjellhamar kyrkje Lørenskog kyrkje LørenskogHakadal sokn Hakadal kyrkje NittedalLillestrøm sokn Lillestrøm kyrkje SkedsmoNittedal sokn Nittedal kyrkje NittedalSkedsmo sokn Skedsmo kyrkje SkedsmoSkårer sokn Skårer kyrkje LørenskogStrømmen sokn Strømmen kyrkje SkedsmoRælingen soknRælingen kyrkje RælingenØvre Rælingen soknØvre Rælingen kyrkje Rælingen
Prestegjeld Prestetenesta var tidlegare organisert lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Nedre Romerike prosti desse prestegjelda:
Lillestrøm prestegjeld med Lillestrøm sokn
Skedsmo prestegjeld med Skedsmo sokn
Strømmen prestegjeld med Strømmen sokn
Rælingen prestegjeld med Rælingen sokn Øvre Rælingen sokn
Lørenskog prestegjeld med Lørenskog sokn
Skårer prestegjeld med Skårer sokn
Nittedal prestegjeld med Nittedal sokn Hakadal sokn
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti
Bakgrunnsstoff Om Nedre Romerike prosti på nettstaden til Den norske kyrkja Arkivverket, Statsarkivet i Oslo: «Nedre Romerike prosti» arkivportalen.no
Kategori:Borg bispedømme Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Akershus fylke