Eigil Lehmann () var ein norsk prest, diktar og målmann.
Lehmann var frå Bergen. Han tok teologisk embetseksamen i 1929, og vart i 1930 tilsett som hjelpeprest i Modum. Frå 1937 var han prest i Skjold i Ryfylke. I 1958 fór han til Bergen og vart residerande kappellan i Birkeland prestegjeld i Fana. Han vart sokneprest i Nordås prestegjeld i Fana i 1971 og tok avskil i 1976.
Han arbeidde mykje med bibelsk leksikografi, og gav ut i alt to ordbøker for Det nye testamentet. Han gav ogso ut to ordbøker om dei nordiske øymåla, ei som galdt islandsk, og ei som galdt færøysk. Han skreiv attåt dette dikt gjennom heile livet, og gav ut i alt fire diksamlingar.
Lehmann var heidersmedlem i Vestmannalaget og Vestlandske Mållag, og var med på skipinga av Ivar Aasen-sambandet i 1965. Han har vore i styret for Norsk bokreidingslag og Halldor O. Opedals fond, og var med i Norsk Måldyrkingslag. I 1964 fekk han Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond.
Bøker 1938 – Rette det som rengt er : Eit ord til dei som hev Noregs mål kjært. 1955 – Ordbok for det Nye testamentet 1967 – Islandsk-norsk ordbok skriven saman med Þorsteinn Þ. Víglundsson 1967 – Vilja de lyda 1969 – Norsk-islendsk samtalebok : Ein parlør 1977 – I eit anna ljos 1981 – Lilja i Dal 1983 – Atturljóm : kvedskap 1986 – Færøysk-norsk ordbok 1990 – Ettirrakstur : dikt 2007 – Dikt i utval
Kjelder Diktarprest og målkunstnar. Bergens Tidende om 100-årsdagen til Lehmann. 30. jan. 2007. Bondevik, Jarle: Minneord om Eigil Lehmann. Stille Stunder nr. 3, Juni 2009, s. 3.
Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Eigil Lehmann hjå Nasjonalbiblioteket
Kategori:Målfolk Kategori:Norske prestar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Folk frå Bergen