Atlanta er hovudstad og største by i den amerikanske delstaten Georgia. Byen har omtrent 500 000 innbyggarar og med forstadane blir det totalt 5 000 000 innbyggarar. Atlanta vart etablert tidleg på 1800-talet som eit jernbaneknutepunkt. Under den amerikanske borgarkrigen vart størstedelen av byen øydelagt, men han vart gjennoppbygd og utnemnd til hovudstad for Georgia kort tid etter. I 1996 var byen vertskap for Sommar-OL 1996.
Fleire større selskap har hovudkvarter her, mellom andre Coca-Cola og CNN. Ved Atlanta ligg Hartsfield internasjonale flyplass som er verdas mest trafikkerte flyplass med 83,6 millionar reisande i 2004.
Folk frå Atlanta Martin Luther King jr. (1929–1968), forkynnar, borgarrettsforkjempar og nobelprisvinnar Spike Lee (f. 1957), filmskapar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i delstaten Georgia Kategori:Delstatshovudstader i USA Kategori:Vertsbyar for sommar-OL Kategori:Busetnader grunnlagde i 1845