Degrassi: The Next Generation (forkortingar: DTNG eller D:TNG) eller berre Degrassi er ein kanadisk tv-serie som følgjer ei gruppe gymnasiastar (high school-elevar). Degrassi-seriar er blitt laga sidan 1980; denne serien starta i 2001. 29. august 2011 hadde 258 episodar blitt sende i Canada.

Sesong 1: 2001-2002 NummerTittelNamnet er basert påSamandrag101Mother and Child Reunion Part 1Song av Paul SimonChristine «Spike» Nelson har blitt vaksen og dottera hennar, Emma Nelson, som ho fødde da ho gjekk på Degrassi Junior High, er no 12 år og skal sjølv byrje på Degrassi. Det er tid for 10-års gjenforeiningsfest for dei tidlegare Degrassi-medlemane, og kjende fjes som Archie «Snake» Simpson, Joey Jeremiah, Caitlin Ryan, og rektor Raditch dukkar opp. Samtidig kjem Emma i kontakt med ein gut som verkar vere hennar sjelefrende, Jordan, på Internett. Dei to planlegg å treffe kvarandre.102Mother and Child Reunion Part 2Song av Paul SimonBestevenen til Emma, Manny, er engsteleg for at Emma har gått for å møte Jordan åleine. Med hjelp frå venen Toby, ein datanerd, hacker dei seg inn på epostkontoen til Emma og finn ut kor dei skal møtest. Dei styrtar til skolen for å finne Spike. Spike og Snake kjem til hotellet akkurat i tide for å redde Emma frå Jordan, som viser seg å vere ein vaksen mann.103Family Politics For å plage Ashley, overtaler Toby JT til å stille til skulepresidentvalet.104Eye of the BeholderSong av MetallicaPaige lurer Terri til å bli full før skuledansen, slik at ho kan gå med Spinner i staden for Terri. JT og Toby blir tatt av foreldrane til Toby for å sjå på porno. Emma blir forelska i Sean.105Parents' DayToby er flau over at dei skilde foreldra hans kranglar på foreldremøte. Paige og Ashley kjemper om å treffa mor til Toby, som er skodespelaragent.106The Mating GameSong av BittersweetKjærasteparet Ashley og Jimmy vurderer å liggje saman, men bestemmer seg for at dei ikkje er heilt klare for det endå. Toby blir forelska i Emma, men blir vonbroten når han finn ut at kjenslene ikkje er gjensidige.107Basketball DiariesAmerikansk film The Basketball DiariesJimmy strever med å få tid til både lekser og basketball, men vil gjere alt han kan for å kome på basketballaget, til og med ta Ritalin frå Spinner for å forbetre innsatsen. Liberty vil vere på videoopplysninga, noko som Ashley har mykje imot. Spinner, som ikkje har tatt ADHDmedisinen sin, tar for hardt i under basketballutvalet108Secrets and Lies Ashley blir sint når ho fin ut at faren er homofil. JT fortel Liberty at han er homofil for å bli kvitt henne.109Coming of Age Jay-ZJimmy fyller fjorten og Ashley er usikker på forholdet deira. Emma får mensen for fyrste gong, og får hjelp frå Manny og Paige.110Rumors and Reputations Liberty blir knust etter at Emma ved ein feil set i gang eit rykte om eit forhold mellom Liberty og ein lærar. Spinner finn eit insekt i maten, han prøver å bevise at kantina er uhygienisk, men ingen trur han. Han tar derfor med seg sine eigne insekt, men hamner i trøbbel istadenfor.111Friday NightJimmy og Spinner bestemmer seg for å ta hemn på frøken Kwan, men det går ut over dei sjølv. Emma og Sean går på date, som endar i uhell på uhell.112WannabeSong av Spice GirlsManny bestemmer seg for å bli med i heiagjengen, mens Emma går sterkt ut mot dei.113Cabaret CararetTerri og Paige vil lage ein ny popversjon av ein song av Ashley, noko ho misliker.114Under PressureSong av Queen & David BowieJimmy og Sean bestemmer seg for å slost etter skulen, noko som endar med at Sean angrip Emma. Spinner prøver å bli sjuk for å sleppe engelskeksamen.115Jagged Little Pill Album av Alanis MorissetteAshley og Toby har nokre venar over for å feira slutten på skuleåret. Toby og JT sluttar seg til Sean for å bli ein av dei «slemme» gutane. JT bestemmer seg for å ta ecstasy som han har fått frå syskenbarnet sitt. Sean seier han skal gå ned for å dele pilla i to for Toby og JT, men han gjer ho til Ashley, og byter ho ut med aspirin. Ashley lest som ho kastar pilla, men tar ho sjølv. Ho ender opp i seng med Sean, skryt om det under festen til Jimmy, og fornærmar Paige.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kanadiske fjernsynsseriar Kategori:Fjernsynsseriar frå 2000-åra Kategori:Fjernsynsseriar frå 2010-åra