Alle mot en er eit kunnskapsbasert underhaldningsprogram der ein person utfordrar hundre menneske. TV-programmet blei sendt på TV 2 frå 2006 til 2007 med Øyvind Mund som programleiar. Utfordraren skal slå ut dei 100 på tribunen ved å svare rett på kunnskapsspørsmål. Dei hundre får same spørsmål, så her må utfordraren vere smartare enn gjennomsnittet, for å svare rett når dei svarar feil.
Alle mot en blei sendt første gong på TV 2 våren 2006 med 12 program. Siste program i serien vart sendt 29. april.
Kjelder
Kategori:Norske fjernsynsprogram Kategori:Fjernsynsseriar frå 2000-åra