Serravalle er den folkerikaste kommunen (castello) i San Marino med om lag 9000 innbyggjarar. Den største staden i kommunen er Dogana, som også er den største byen i landet.
Serravalle ligg ved foten av Appenninane.
Geografi mini|venstre|Dogana i Serravalle Han grensar til dei sanmarinske kommunaneDomagnano og Borgo Maggiore og dei italienske kommunane Verucchio, Rimini og Coriano.
Historie Han vart først nemnd i skriftlege kjelder i 962. I mellomalderen vart han ofte kalla Castrum Olnani, landsbyen ved almetrea. Serravalle vart ein del av San Marino i 1463, som var siste gong republikken vart utvida. Det noverande namnet kjem frå dei italienske orda serra (fjellkjede) og valle (dal).
Grender Serravalle har åtte grender (curazie): Cà Ragni, Cinque Vie, Dogana, Falciano, Lesignano, Ponte Mellini, Rovereta, Valgiurata
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Serravalle, San Marino» frå , den 4. februar 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i San Marino