Petter Vaagan Moen () på Hamar) er ein norsk fotballspelar som for tida spelar for Lillestrøm Sportsklubb. Han har spelt for både Queens Park Rangers i engelske nest høgste divisjon os SK Brann. Vaagan Moen har 16 U21-landskampar og 1 U21-mål. Han har også spela 5 kampar for det norske A-landslaget.

Moen er fødd og oppvaksen på Hamar og spelte i heile ungdommen for Ham-Kam, og det vakte stor oppsikt då han vart klar for Brann. Overgangsavtalen mellom Ham-Kam og Brann var verd ca. 10 millionar kr. I Brann spelte Moen fast på venstrekanten. Han var Brann sin toppskårar i Tippeligaen i 2010-sesongen, med 14 seriemål.

Kjelder

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Folk frå Hamar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Lillestrøm-spelarar Kategori:Queens Park Rangers-spelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball