Jakob, Jacob eller Jakop er eit mannsnamn av hebraisk opphav. Andre namneformer er James (engelsk) og Jeppe (dansk).
Tydinga er omstridd: I fotnote til 1. Mosebok 25.26 skriv Bibelselskapet (1985) at namnet vert sett i samanheng med å halde i hælen eller narre, lure. Olav Veka i Namneboka (1991) oppgjev at tydinga kanskje er Gud må verne.
Jakob har norsk namnedag den 25. juli.
Bruken av namnet i Noreg Namnet har vore mykje brukt i Noreg, heilt sidan 1300-talet, men fall i popularitet ut over 1900-talet. Dei siste åra har namnet auka kraftig i popularitet. Utvikling i bruken av namnet: 1801: Ca. 8 700 1900: Ca. 14 000 2007: Ca. 5 500
Jakob som bibelsk namn mini|right|Jakob slåst med engelen Patriarken Jakob, son åt Isak og Rebekka (1. Mos. 25.26-37 m.fl.9),han som sidan tok namnet Israel Apostelen Jakob, son til Sebedeus (Evangeliet etter Matteus, 10.2) Apostelen Jakob, son til Alfeus (Mat., 10.3) Jakob, bror til Jesus (Mat. 13.55), etter tradisjonen forfattar av Jakobs brev.
Kjende namneberarar Jakob, skotske kongar av huset Stuart (engelsk James). Jacob Grimm (1785-1863), tysk eventyrsamlar Jakob Sverdrup (1845-1899), norsk prest og stortingsmann Jacob Breda Bull (1853-1930), norsk prest og forfattar Jakob Fjelde (1859-1896), norsk-amerikansk bilethoggar Jacob A. Riis, dansk-amerikansk journalist og fotograf Jakob Jakobsen (1864-1918), færøysk språkforskar Jacob Stenersen Worm-Müller (1884-1963), norsk historikar Jakob Grubbe Cock Schetelig (1875-1935), norsk geolog Jakob Bjerknes (1897-1945), norsk-amerikansk meteorolog Jakob Martin Pettersen (1899-1970), norsk politikar Jakob Sande (1906-1967), norsk diktar Jakob Weidemann (1923-2001), norsk kunstnar Jakob Kjersem (1925-2009), norsk langdistanseløpar Jacob Young (f. 1970), norsk jazzmusikar Jakob Poulsen (f. 1983), dansk fotballspelar
Kjelder
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av hebraisk opphav