Nasjonal sikkerheitmyndigheit (NSM) vart oppretta som eit eige direktorat under Forsvarsdepartementet 1. januar 2003. NSM skal utvikle og koordinere førebyggjande sikringstiltak og kontrollere sikkerheita i staten, fylka og kommunane i tillegg til private verksemder som arbeider med varer eller tenester til det offentlege i samband med tryggingsgraderte innkjøp. NSM skal forvalte Sikkerheitslova av 1998.

Oppgåver NSM har fylgande hovudoppgåver: Sikkerheitsstyring Personellsikkerheit Fysisk sikring Leverandørhøve Kommunikasjonssikkerheit Kryptosikkerheit Tilsyn Metode og reiskapar for sletting av sikkerheitsgraderte data

Kritikk NSM er saman med PST og E-tenesta ei av tre hemmelege tenester i Noreg, og er underlagt kontroll av Stortingets EOS-utval. I ei av klagesakene utvalet handsama i 2017, meinte dei at «NSM på en klar og sterkt kritikkverdig måte har krenket klagerenes rettigheter».Nasjonal Sikkerhetsmyndighet får sterk kritikk av EOS-utvalget i Verdens Gang.

I september 2018 publiserte NSM eit kart over stader i Noreg der det var forbode å bruka droner. Dei laut tola kritikk frå mange i samband med denne publiseringa fordi dei fleste militærinstallasjonar var med på dette kartet, inkludert dei strengt løynlege. Dette kunne hjelpe framand etterretning i å få stadfest desse anlegga.Topphemmelige militærbaser avslørt i Dagbladet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Det norske forsvaret Kategori:Skipingar i 2003 Kategori:Løynlege tenester