Obtest er eit band frå Litauen som spelar ei form for folk metal. Då bandet byrja å spela saman i 1992 heldt dei seg til death metal-sjangeren, men utvikla seg etter kvart til eit svartmetallband. Sjølv kallar dei musikken sin for «heidensk krigsheavy metal». Musikken deira kan kanskje best definerast som melodisk heavy metal, med ein vokaltype som er noko glottal og unik. Det var mellom anna denne vokaltypen som har gjort at bandet ikkje har fått stor oppslutning i Noreg.

Tekstane deira er på litauisk, og dei har eit gjennomgåande tema som tar for seg krigar, legender, mytologi, og gamal baltisk naturreligion.

Medlemmer

Sadlave - Gitar Baalberith - Vokal Demonas - Bassgitar Insmuth - Trommer Enrikas Slavinskis - Gitar

Utgjevne plater

Oldness coming (Demo, 1995) Live at Poltergeist (Demo, 1995) Prieš Audrą (Demo, 1995) Tūkstantmetis (CD, 1997) 9 9 7 (EP, 1998) Prisiek (EP, 2001) Auka Seniems Dievams (CD, 2001) Dvylika JuodVarnių (EP, 2003) Tvynei (Video/VHS, 2004) Iš Kartos Į Kartą (CD, 2005) Prieš Audrą (mini-LP, 2006) Gyvybės medis (album, 2008)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Bandets heimeside Encyclopaedia Metallum

Kategori:Litauiske musikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1992