mini|Kart over Austerrike
Austerrike er eit lite fjelland i Sentral-Europa, om lag midt mellom Tyskland, Italia og Ungarn. Det har eit totalt areal på 83 859 km², om lag dobbelt så stort som Sveits.
Austerrike grensar til land på alle sider og deler landegrenser med Sveits (164 km) og miniputtstaten Liechtenstein (35 km) i vest, Tyskland (784 km), Tsjekkia (362 km) og Slovakia (91 km) i nord, Ungarn i aust (346 km), og Slovenia (311 km) og Italia (430 km) i sør (totalt: 2563 km).
Den vestlegaste tredjedelen av det noko pære-forma landet består av ein smal korridor mellom Tyskland og Italia, som er mellom 30 og 60 kilometer brei. Resten av Austerrike ligg i aust og har ei maksimal breidd i nord-sør-retning på 280 km. Landet er nesten 600 km langt frå aust mot vest, og strekkjer seg frå Bodensjøen på grensa mellom Austerrike, Sveits og Tyskland i vest til Neusiedlersjøen på grensa mellom Austerrike og Ungarn i aust. Kontrasten mellom desse to innsjøane, den eine ligg i Alpane og den andre er ein typisk steppeinnsjø i dei vestlegaste områda av Den ungarske sletta, illustrerer kor variert landskapet i Austerrike er.
Sju av Austerrike sine ni delstatar har lange historiske tradisjonar som går mykje lengre tilbake i tid enn då Republikken Austerrike vart oppretta i 1918: Oberösterreich, Niederösterreich, Steiermark, Kärnten, Salzburg, Tyrol og Vorarlberg. Delstatane Burgenland og Wien vart oppretta etter Den første verdskrigen. Det meste av Burgenland hadde vore ein del av Kongeriket Ungarn, men hadde hovudsakleg tysktalande innbyggjarar, og vart derfor austerriksk. Administrative og ideologiske årsaker spelte ei rolle då Wien vart oppretta som ein eigen delstat. Wien var tidlegare hovudstaden i Nedre Austerrike og var eit sosialistisk område, medan resten av Nedre Austerrike var konservativt, og både sosialistane og dei konservative ville styrke syna sine i deira respektive delstatar. Kvar delstat har sin eigen delstatshovudstad, bortsett frå Wien, som er ein delstat i seg sjølv i tillegg til å vere hovudstaden i heile landet. I Wien fungerer byrådet som eit provinsparlament og ordføraren som ein provinsguvernør.
Geografi mini|300px|Detaljkart over Austerrike mini|250px|Satellittfoto av Alpane
Koordinatar:
Austerrike kan delast inn i tre ulike geografiske område. Fjellkjeda Alpane utgjer størstedelen av Austerrike (62 %), medan austlege område er okkupert av Den pannoniske sletta, og nord for Donau ligg Böhmerwald, ei lågare fjellkjede.
Elva Donau Donau har utspring nær Donaueschingen i sørvestlege område av Tyskland, og renn gjennom Austerrike og til slutt ut i Svartehavet. Dette er ei av dei største elvene i Europa, og er ei viktig transportåre. I 1992 vart mellom anna Rhinen-Main-Donau-kanalen opna i Bayern, og dermed så er det mogeleg å føre lektarar og mindre båtar frå Nordsjøen til Svartehavet via elvene Rhinen, Main og Donau.
Dei største elvene nord for vasskiljet i dei austerrikske Alpane (elva Inn i Tyrol, Salzach i Salzburg, og Enns i Steiermark og Øvre Austerrike) er elvar som renn nordover og direkte ut i Donau, medan elvene sør for vasskiljet i sentrale og austlege område av Austerrike (elvane Gail og Drava i Kärnten og Mürz og Mura i Steiermark) renn sørover og inn i nedslagsfeltet til Drava, som til slutt renn ut i Donau i Serbia. Så sentrale og austlege delar av Austerrike er orientert bort frå vasskiljet i Alpane, delstatane Øvre Austerrike og Nedre Austerrike mot Donau, og delstatane Kärnten og Steiermark mot Drava.
Alpane Tre store fjellkjeder Alpane — Dei nordlege kalksteinsalpane, Dei sentrale alpane, og Dei sørlege kalksteinsalpane — går frå vest mot aust gjennom Austerrike. Dei sentrale Alpane består hovudsakleg av granitt, og er dei høgaste og største i Austerrike. Dei går frå Tyrol til om lag grensa mellom Steiermark og Nedre Austerrike, og inneheld område med permanente isbrear i Ötztaleralpane på grensa mellom Tyrol og Italia, og i Hohe Tauern i Tirol og Kärnten. Dei nordlege kalksteinsalpane, går frå Vorarlberg, gjennom Tyrol og inn i Salzburg langs den tyske grensa, og gjennom Øvre og Nedre Austerrike mot Wien. Dei sørlege kalkesteinsalpane, på grensa mellom Kärnten og Slovenia, består hovudsakleg av kalkstein og dolomitt. Großglockner er det høgaste fjellet i Austerrike med 3 797 meter. Hovudsakleg kan ein sei at jo lenger aust i dei nordlege og sentrale Alpane ein kjem, jo lågare vert dei. Høgda på fjella vert òg mindre når ein går nordover eller sørover frå dei sentrale områda.
Alpane dominerer landskapet i Austerrike, og berre 28 % av landet består av åsar eller flate område: Det nordlege alpine forlandet, som inneheld Donaudalen, låglandet og det åslendte området nordaust og aust i Austerrike, og Det søraustlege alpine forlandet. Områda av Austerrike som er mest egna for busetjing — det vil sei med gode jordbruks- og klimaforhold— går nord for Alpane gjennom Donaudalen i delstatane Øvre og Nedre Austerrike, og så aust og sør for Alpane gjennom Nedre Austerrike, Wien, Burgenland og Steiermark. Det flataste område av Austerrike, Leithagebrige, ligg i søraust og dannar den sørlege delen av Wien-bekkenet, der steppene på Den ungarske sletta byrjar.
Böhmerwald Granittmassivet i Böhmerwald er ei låg fjellkjede med berre og forblåste platå og eit hardt klima. Det ligg nord for Donaudalen, og dekkjer om lag 10 % av arealet i Austerrike.
Folkesetnad og geografi mini|Satellitbilete med kommentarar over Austerrike thumb|right|Bad Kleinkirchheim i Kärnten i Austerrike thumb|right|Landeck i Tyrol i Austerrike thumb|right|Ruinane av slottet Aggstein i Nedre Austerrike Arealbruket i Austerrike endrar seg frå dei alpine områda i vest til dei flatare områda i aust. Om lag 10 % av arealet i Austerrike er bert og ikkje dyrkande, det vil sei i dei brattaste fjellsidene eller over tregrensa. Om lag 40 % av Austerrike er dekt av skog, og mesteparten av skogområda ligg i alpeområdet. Mindre enn ein femtedel av Austerrike er dyrkande og passande for vanleg jordbruk. Denne prosentdelen aukar i austlege delar av landet, der landet er mindre alpint. Meir enn ein femtedel av Austerrike er beite og enger i forskjellige høgder. Om lag halvparten av dette er høgtliggande alpine grassletter.
I lange tider var desse høgtliggande beitemarkene om sommaren brukt for beitande mjølkekyr, og dermed kunne ein bruke områda i lågare høgder for dyrking og hausting av fôr for vinteren. Mange av desse høgtliggande beitemarkene ligg på over 1 000 meter.
Sjølv om jordbruk i fjellområda før i tida var økonomisk levedyktig, har tradisjonen dei siste åra berre overlevd ved hjelp av subsidiar. Bønder i desse fjellområda er uroa for at EU-medlemskapet til Austerrike kan medføre innskreing av desse subsidiane og til slutt slutten på det alpine jordbruket. Viss dette skjer vil sannsynlegvis mange område gro igjen etter hundreår med jordbruk.
Sjølv om Alpane er vakre, fører dei til at det ikkje er mogeleg med permanent busetjing i mange område av Austerrike. Det vil sei område som er oppdyrka, med fast busetjing, og som vert brukt for transport, men som ikkje inkluderer skogar, alpine beitemarker eller aude land. Dei permanent busette områda i Austerrike utgjer berre om lag 40 % (35 000 km²) av landet, og dei fleste (om lag to tredjedelar) bur i Donaudalen og i dei åslendte og lågareliggande områda nord, aust og sør for Alpane.
I alpedelstatane bur dei fleste i elvedalane: Bregenz ved breidda av Bodensjøen i Vorarlberg, Innsbruck ved elva Inn i Tyrol, Salzburg ved elva Salzach i Salzburg, og Klagenfurt ved elva Gail i Kärnten. Alpane vert mindre og mindre folkesett jo høgare ein kjem.
Tyrol illustrerer mest tydeleg forholdet mellom den alpine geografien og busetnad. Tyrol er den mest fjellkledde delstaten i landet (mindre enn 3 % av landarealet er dyrkande), og delstaten med minst folketettleik, og berre 15 % av arealet er brukt til busetnad.
På grunn av Alpane er heile landet eit av dei landa i Vest- og Sentral-Europa med minst folketettleik, om lag 93 innbyggjarar per kvadratkilometer.
Landegrensene til Austerrike følg sjeldan geografiske trekk, og sidan Romarrikets fall har verken Alpane eller Donau fungert som politiske grenser. Delstatane i Austerrike følgjer heller ikkje i særleg grad fjellkjeder og ryggar.
Sjølv om Alpane ikkje markerte politiske grenser, separerte dei ofte folkegrupper frå kvarandre. Sidan Alpane før i tida ikkje var farbare, så vart innbyggjarane isolert i dalane og utvikla sine eigne distinkte og regionale subkulturar. Derfor hadde innbyggjarane i ein dal forskjellig dialekt, nasjonaldrakt, arkitektur og segn enn innbyggjarar i andre dalar. Skilnadane var store nok til at ein lett kunne identifisere kor ein kom frå. I dag har derimot massemedia, mobilitet, framgang og turisme viska ut desse skilnadane.
Trass i Alpane har Austerrike vore eit gjennomfartsland gjennom historia. Donaudalen har i hundreår vore ein vassveg mellom Sentral-Europa, Balkan og «Orienten». Etter Den andre verdskrigen vart derimot Austerrike mindre viktig som transportåre, då Europa vart delt inn i to motsett økonomiske og militære blokker. Etter opninga av Aust-Europa i 1989 har derimot Austerrike gradvis vunne tilbake si historiske rolle, og allereie tidleg på 1990-talet hadde talet på folk og køyretøy som passerte dei austlege grensene auka kraftig.
I alpeområdet er det fire fjellovergangar som er særleg viktig for transport mellom nord og sør. Semmeringpasset ved grensa mellom Nedre Austerrike og Steiermark knyter saman Wienbekkenet med Mürz- og Muradalane, og gjev dermed ein nordaust-sørvest veg mellom Steiermark og Slovenia, og via Kärnten, til Italia.
Pyrhnpasset mellom delstatane Øvre Austerrike og Steiermark, og Tauernpasset mellom fjellkjedene Hohe Tauern og Niedere Tauern i Salzburg, fører til tilkomst mellom Muradalen i Steiermark og Dravadalen i Kärnten. Hovudvegane som går gjennom desse passa er viktige transportårer mellom nordvest og søraust i Alpane. Pyrhnvegen har òg fått namnet Fremdarbeiterweg («framandarbeidervegen») fordi millionar av Gastarbeiter («gjestearbeidarar») i Tyskland brukte vegen for å reise heim på ferie frå Balkan og Tyrkia. Mange tyskarar og nordeuropearar brukar framleis vegen i sommarmånadane for å nå Adriatarhavskysten. Etter at Jugoslavia braut saman i 1991 har derimot mykje av denne trafikken vorte omdirigert gjennom Donaudalen til Ungarn.
Den viktigaste fjellovergangen i Austerrike er Brennerpasset, som ligg på grensa mellom Italia og Tyrol. Med ei høgd på 1 370 meter er passet det lågaste i Alpane. Ruta frå Inndalen og over Brennerpasset har historisk sett vore ei viktig og bekvem rute mellom Tyskland og Italia, og er den mest direkte ruta mellom Europa sine to mest industrialiserte regionar: Tyskland og Nord-Italia.
Naturressursar: jernmalm, olje, tømmer, magnesitt, bly, kol, brunkol, kopar, vasskraft
Arealbruk: dyrkande jord: 17 % permanente avlingar: 1 % permanente beite: 23 % skogområde: 39% anna: 20% (1996 estimat)
Irrigert land: 40 km² (1993 estimat)
Klima mini|350px|Satellittbilete over Alpane 11. desember 2004. Nord for Alpane skydekke over Frankrike, Sveits, Liechtenstein, Austerrike og Slovenia. Sør for Alpane klår himmel dei fleste stader på bilete.
Klimaet i Austerrike kan i hovudsak delast i to i lag med topografien. Ein har Alpane i vest med fjellklima, og eit sentraleuropeisk låglandsklima i aust. Tyrolområdet i vestlege delar av Austerrike har mange djupe og smale dalar som går på kryss og tvers mellom Alpefjella, og klimaet nede i dalane kan vere ganske forskjellig frå klimaet i høgda. Dalane og fjellsidene som vender mot nord er ofte kalde med mykje skya ver om vinteren. Av og til kan derimot kraftig fønvind presse temperaturane opp i 10 °C og høgare. Sørlege delar av Tyrol og sørsida av Hohe Tauern har ofte mykje sol om vinteren.