Ardennes er òg det franske namnet på fjellområdet Ardennane
Ardennes er eit departementet nordaust i Frankrike i regionen Champagne-Ardenne. Préfecture eller administrasjonsstad er Charleville-Mézières. Departementet har 290 130 innbyggjarar (1999), og har sitt namn frå fjellområdet Ardennane, som heiter Ardennes på fransk.
Historie Departementet er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det er kalla opp etter landskapet Ardennane som ligg nordaust i Frankrike, sør i Belgia og i Luxembourg. Det består av delar av dei tidlegare franske provinsane Champagne og Argonne (keltisk: «Ar Gonn», som tyder «djup skog») og av fyrstedømet Sedan.
Namnet Ardennnane vart først nemnd av Julius Cæsar, som i «Krigen om Gallia» tala om ei keltisk gudinne kalla Arduinna, ei krigsgudinne som vanlegvis vart vist ridande på eit villsvin.
Området har vore utsett for mange kamphandlingar, både i den første og den andre verdskrigen, slik som Slaget ved Ardennane og Ardennaroffensiven.
Geografi
Departementet er omringa av dei franske departementa Meuse, Marne og Aisne, og grensar til Belgia i nord.
Ardennes ligg i Ardennane og har store område med tett skog. Den største elva i området er Meuse
Demografi
Folketalet i Ardennes har minka sidan 1982 på grunn av flytting frå distrikta til byane. Med om lag 290 000 innbyggjarar er departementet eit av dei minst folkesette i Frankrike.
Bakgrunnsstoff
Nettside for prefekturet Offisiell nettside ardennes.witb.net
Kategori:Franske departement