mini|Ground Zero, New York (17. sept. 2001) -- Eit flyfoto syner berre ein liten del av åstaden der World Trade Center rasa saman den 11. september. US Navy-foto av Eric J. Tilford.

Konspirasjonsteoriane kring 11. september 2001 går ut frå at terroråtaket denne dagen skreiv seg frå ein konspirasjon hjå USA-administrasjonen og dei hemmelege tenestene. Vidaregåande hypotesar går òg ut frå ei kopling til vestlege medium for å hindre at den eigentlege bakgrunnen for desse brota vart avslørt.

USA-regjeringa som opphav til eller innforstått med åtaka Mange nettstader og ei rekkje forfattarar fremjer forklaringar på hendingane den 11. september 2001 som skil seg frå framstillinga i dei offisielle granskingane og dei etablerte media. Dei talar alle om andre bakmenn for åtaka enn det islamistiske terrornettverket al-Qaida under leiing av Osama bin Laden. Skadane som oppstod skuldast heller ikkje sjølvmordsaktivistar. Med dette seier desse menneska direkte eller indirekte at USA-regjeringa under George W. Bush sjølve stod for eller medvite tillét åtaka, då visse krinsar i USA kom særs godt ut av åtaka. Prov vart systematisk øydelagt eller halde attende av regjeringa, og ei inngåande kriminalteknisk granskning vart forhindra.

Medias åtferd Nokre konspirasjonsteoretikarar meiner media vart sentralstyrt, slik at spreiinga av «sannare» og «uroande» informasjon om åtaka kunne haldast attende. Andre går berre ut frå ein medviten eller umedviten sjølvsensur knytt til målet om å halde på inntekta og den sosiale statusen. Ludwig-Sigurt Dankwart skriv til dømes:Ludwig-Sigurt Dankwart: Mein Freund, der Chefredakteur (Venen min, sjefredaktøren), Telepolis 10. september 2003 Kva ville eigentleg skje om ein sjefredaktør S til avveksling gjekk over til den andre, den slemme, uoffisielle linja til dei slemme, galne konspirasjonsteoretikarane? [...] Det ville vore slutten, den umiddelbare og absolutte utgangen for karrieren hans, for inntekta hans, huset hans og alle livsplanane hans. [...] Strukturane kring livet til sjefredaktør S tillet berre to alternativ: alt eller inkje. Sjølv den minste grunngjevne tvilen i høve til den versjonen av hendingane vi alle kjenner, kunne få heile korthuset til å rase saman. [...] Han som stod fram med slike tankar ville uvilkårleg stemplast som ein outsider. [...] Slik trengst det ikkje nokon konspirasjon, det greier hovudet heilt på eiga hand. Det er slett ikkje naudsynt med hemmelege agentar i redaksjonane for å styre det pressa formidlar ... Strukturane i konkurransesamfunnet er tilstrekkeleg til å forklare at aktørar i media og regjeringar stillteiande held seg til ein konsensus kring framstillinga av hendingane, for å vera på den sikre sida.

Forfattarane Dei som skriv konspirasjonsteoretiske bøker og nettsider om 11. september 2001 ser gjerne på seg sjølv som skeptikarar, som upartisk stiller spørsmål ved "den offisielle versjonen" og gjer merksam på uoppklarte problem. Dei reknar framstillinga til USA-regjeringa om al-Qaida-gruppa som utførte åtaka og overraska USA som ein uprova "konspirasjonsteori".

I USA har særleg verka til David Ray Griffin, Michael Ruppert og Webster Griffin Tarpley vorte kjende. Nettstaden til Scholars for 9/11 Truth vert òg ofte sitert. Her går akademikarar kritisk gjennom den offisielle framstillinga . Den viktigaste publikasjonen er avhandlinga til professor Steven Jones om kollapsen til World Trade CenterFlorian Rötzer: "Die Diskussion über die Verschwörungstheorien zum 11.9. erreicht die akademische Welt", Telepolis 10.09.2006. På nettet sirkulerer òg ei rekke kritiske dokumentarfilmer om temaet. Størst virkning har filmen "Loose Change" hatt. Forretningsmannen Jim Hoffman og radioprogramleiaren Alex Jones stør offentlege tilstellingar og demonstrasjonar med krav om nye kriminaltekniske granskingar.

I Tyskland har bøkene til Mathias Bröckers, Andreas von Bülow og Gerhard Wisnewski fått mykje merksemd. Tesane til franskmannen Thierry Meyssan om åtaket mot Pentagon var dei første som vart offentleggjort i bokformThierry Meyssans Bildkommentare auf deutsch übersetzt.

Dei fleste forskarar og journalistar avviser konspirasjonsteoriane i desse bøkene. Mange kritiserer argumenta som uhaldbare og reknar forfattarane deira som "konspirasjonsfantastar"Albrecht Kolthoff: Masse statt Qualität ? Drei deutsche Verschwörungsphantasten bezweifeln die Bin-Laden-Täterschaft beim Angriff auf das World Trade Center.

Motiva til USA-regjeringa Dei fleste konspirasjonsteoretikarane meiner USA-regjeringa medvite lét 11. september skje, for å legitimere dei påfølgjande krigane og bu det amerikanske folket på dei. Etter slutten på den kalde krigen og dei kommunistiske regima i Europa, måtte Vesten fullføre eit skifte av fiendebilete. Difor var terroråtaka den 11. september 2001 naudsynte. Den påfølgjande erklæringa av "Krigen mot terrorisme" var eit ledd i strategien frå 1990-åra for å få oljefelta i Sentral-Asia og Midtausten under amerikansk kontroll. Konspirasjonsteoretikarane meiner USA hadde hjelpt fram Taliban til makta, før desse vart styrta under Afghanistan-krigen av di dei ikkje ville tillate bygginga av ein oljerøyrleidning for amerikanske oljeselskap.

Skuldingane frå konspirasjonsteoretikarane overlappar såleis med dei nøytrale vurderingane om at USA nytta terroråtaka som eit høve til å spele ut globalstrategien til dei nykonservative miljøa. Då SNs tryggingsråd etter 11. september-åtaka vedtok tiltak mot terrorisme i to SN-resolusjonar, tok NATO-landa seg rett til å gå til krig mot Afghanistan. Før Irak-krigen freista USA og Storbritannia å rettferdiggjere den planlagde invasjonen med at regimet til Saddam Hussein var knytt til al-Qaida. Så vart det offentleggjort undersøkingar som synte at ein monaleg del av folket i USA trudde den irakiske diktatoren stod bak 11. september-åtaka. Seinare vart det publisert fråsegner der den dåverande forsvarsministeren Donald Rumsfeld rett etter åtaka ville det skulle lagast ei kopling til Irak. Tidlegare finansminister Paul O'Neill påstod seinare at åtaket på Irak var fastsett av Bush-regjeringa allereie i januar 2001.

Konspirasjonsteoretikarar legg særleg merksemd på samrøret av hemmelege tenester med næringslivs- og militærinstitusjonar (det militær-industrielle komplekset). Dei ser difor strategidokumentet frå den nykonservative tankesmia PNAC frå september 2000 som eit sentralt dokument. Der vart det uttrykt som naudsynt at USA for å sikre eit verdsomspennande hegemoni, måtte ha tydelege påplussingar i militærbudsjetta. For å få til dette trong USA ei langvarig innanriks- og utanrikspolitisk omvelting, ein prosess som berre kunne framskundast ved "ei katastrofal og fremjande hending - lik til dømes eit nytt Pearl Harbor". Konspirasjonsteoretikarane ser det ikkje som tilfeldig at PNAC her vel å syne til ei historisk hending som frå den eine dagen til den andre drog USA inn i den andre verdskrigen, eit knapt år før terroråtaka. PNAC gjekk i 1998 offentleg inn for eit åtak på Irak. Mellom medlemmene i tankesmia finn vi mange sentrale medlem av Bush-regjeringa, som Donald Rumsfeld og arvtakaren Paul Wolfowitz samt visepresident Dick Cheney. Cheney fungerte fram til han vart visepresident som styreleiar for Halliburton-konsernet, som tente gode pengar på krigane i Afghanistan og Irak.

Åtaket på Pentagon Dei fleste teoriane seier at bygningen ikkje vart råka av noko passasjerfly. Dei som held desse teoriane, tviler på at dei publiserte fotografia viser vrakrestar frå det aktuelle flyet (Flight 77). Dei går vidare ut frå ein planlagt kollisjon med ein fjernstyrt drone ("Global Hawk") og/eller at bygningen vart råka av ein kryssarrakett.

Spekulasjonane grunnast mellom anna med at plenen framom Pentagon skulle hatt tydelege spor etter det styrtande passasjerflyet. Det same gjeld for føremåla som stod i nærleiken av bygningen. Holet som vart laga i yttermuren var altfor lite, og kan ikkje vere laga av nasen til flyet. Dei seks tonn tunge jetmotorane på båe sider av skroget skulle derimot ha ført til eit velkjent skadebilete på fasaden. Den påståtte farten på 850 km/t er ikkje mogleg for eit passasjerfly i så låg høgd over bakken. I tillegg ville ein slik påstått manøver frå piloten kravd evner som sjølv ikkje erfarne yrkespilotar sit med. Vidare valde ikkje bakmennene den trefte fløya av bygningen tilfeldig. Denne fløya var nemleg på åtaksdagen under oppussing og forsterking, utført av eit firma der fleire regjeringsmedlem var innblanda. Denne fløya ligg òg på motsett side av kontoret til forsvarsministeren og så langt unna som råd er frå dette kontoret.

Sjølv om regjeringa sa dei vart overraska over åtaka (med passasjerfly som flygande bomber), vart ei liknande hending simulert i oktober 2000 og mars 2001, med same flytypen "Contingency planning Pentagon MASCAL exercise", dcmilitary.com 3. november 2000. Ein gjekk her ut frå at dei massive vrakrestane etter flyet låg strødd ein stad på innsida av yttermuren Bilete frå MASCAL-øvinga. Kongressgranskinga kom difor fram til at Boeing 757-flyet nærmast gjekk heilt i oppløysing då det trefte veggen og byrja å brenne. Skeptikarane meiner jetmotorane av stål- og titanlegering i alle høve skulle ha vore nær uskadde. Og ved ein slik grad av oppløysing ville heller ikkje 184 av dei 189 passasjerane kunne identifiserast eintydig av Hæren.

Det var òg overvakingskamera kring Pentagon som filma hendinga, men som umiddelbart vart konfiskerte av FBI. Det fleste av filmane er enno ikkje frigjevne. Sidan 2002 har nokre einskildbilete frå overvakingskamera ved parkeringsplassen utanfor Pentagon vore vist. På desse opptaka kan ein ikkje sjå noko passasjerfly. Den synlege røyken på eit av bileta kan i følgje konspirasjonsteoretikarane heller ikkje stamme frå nokon Boeing. I tillegg syner eldkula like etter kollisjonen med veggen, eigenskapar som kan tyde på ei anna årsak. I mai 2006 vart det til slutt offentleggjort fleire bilete frå kameraopptak ved den same parkeringsplassen. Desse kunne likevel ikkje stilne spekulasjonane om eit anna flygande objektNeue Zürcher Zeitung: Pentagon-Attentat wirft Fragen auf, 17. mai 2006. Alle innsamla delar frå det som trefte Pentagon er framleis innelåst i skjul for ålmenta. Ei gransking av desse prova har enno ikkje funne stad.

Nettspekulasjonane kring åtaket på Forsvarsdepartementet møter motstand òg mellom konspirasjonsteoretikarar. Innvendingane deira går ut på at dei fleste vitna snakkar klårt om eit passasjerfly, og på at dei manglande store og talrike einskilddelane frå fly ved samanstøyt med massive bygningar slett ikkje er noko uvanleg.

Detaljar frå kollapsane til WTC-tårna Så godt som alle konspirasjonsteoretikarar ser på samanrasinga av Tvillingtårna og Bygning 7 som resultat av sprenging.

Tvillingtårna Nokre av teoriane set opp desse tesane: Tårna kunne ikkje ha rasa heilt saman. Ved gradvis svikt i bereelementa ville dei ha bikka over frå treffpunkta mens kjernesøylene vart ståande. Intensiteten i øydelegginga tyder på at det i tillegg var ei anna kraft som verka på tårna: Stålet brast, betongen vart pulverisert og møblementet forsvann mest fullstendig. Identifiseringa av lika lukkast berre delvis, grunna den sterke fragmenteringa. Likdelar vart funne 120 meter frå WTC-komplekset9-11 Research: "Missing Bodies. More Than 1000 Bodies Are Unaccounted for", noko som tyder på ei altfor stor energifrigjering, som ikkje kan forklarast med ein kollaps åleine. Det gjeld òg for skyene av støv og asbest, som velta ut lik ein pyroklastisk straumUtdrag frå dokumentarfilmen "'911 Eyewitness". På grunn av dei ulike treffhøgdene og treffvinklane skulle Nordtårnet, som vart råka først, ha rasa saman før Sørtårnet.

I lys av desse tesane kjem konspirasjonsteoretikarane med følgjande vurderingar og kommentarar: