mini| Pacientia (tolmod), trykk av Sebald Beham 1540 De sju dygdene, eller dei sju kardinaldygdene, er dei positive spegleigenskapane til dei sju dødssyndene i romersk-katolsk kristendom. Dei spelte ei stor rolle for etiske diskusjoner i mellomalderen. Det norske ordet dygd kjem frå norrønt dygð, som er i slekt med å duge. Det latinske ordet for dygd er «virtus» som tyder styrke, (frå «vir», dvs. mann).

Prudentius’ liste Lista med Dei sju dygdene skriv seg frå eit dikt av 400-tals-poeten Aurelius Clemens Prudentius, Psychomachia, som tek opp kampen mellom det gode og det vonde.

Dygd - virtus (i motsetnad til vellyst) Gjevmilde - liberalis (i motsetnad til grådigskap) Måtehald - frenum (i motsetnad til fråtsing) Flid - industria (i motsetnad til latskap) Tolmod - patientia (i motsetnad til vreide) Godleik - humanitas (i motsetnad til misunning) Audmykt - humilitas (i motsetnad til hovmod)

Kardinaldygdene Mot, visdom, måtehald og rettferd er Platons fire klassiske kardinaldygder. Kristen teologi legg gjerne til, frå 1. Kor. 13: Tru, von og kjærleik. Desse sju utgjer til saman dei sju kardinaldygdene:

Prudentia (visdom eller varsemd) Iustitia (rettferd) Temperantia (måtehald) Fortitudo (mot) Fides (tru) Spes (von) Caritas (kjærleik)Lista er omsett frå bokmålswikipediaen med tillegg frå nederlandsk wikipedia.

Kjelder Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Katolisisme Kategori:Dygder Kategori:Kristen teologi Kategori:Talet 7