Vernskog er etter norsk skogbrukslovgiving skog som anten: tener som vern for annan skog gir vern mot naturskadar eller er sårbar og kan bli øydelagt ved feil skogbehandling fordi han står opp mot fjellet eller ut mot havet.

Vernskog er ikkje freda, men hogst i vernskog skal følgje retningsliner gitt av fylkeslandbruksstyret. Retningslinene kan innehalde reglar om meldeplikt.

Fylkeslandbruksstyret avgjer etter framlegg frå kommunen kva for skogområde som skal vere vernskog.

Bakgrunnsstoff Om vernskog i skogbrukslova Kart over vernskog hos Skog og Landskap

Kategori:Skogbruk Kategori:Miljøvern i Noreg