Olav Vesaas () er ein norsk forfattar og journalist fødd i Vinje i Telemark. Han er cand. philol., og skreiv hovudoppgåve om dei fire romanane faren Tarjei skreiv om Klas Dyregodt. Han er mellom anna kjend som programleiar for det tidlegare NRK-radioprogrammet Språkrøret og for mange program om litteratur. Han var forlagssjef i Det Norske Samlaget 1978-80. I fleire år var Olav Vesaas medlem av ulike litteraturutval i Norsk kulturråd og sat i styret for Nordens hus på Island og for Norsk-finsk kulturfond. Vidare var han medlem av Bokklubbens lyrikkutval og har redigert fleire diktantologiar.
Vesaas er son av forfattarane Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas og eldre bror av barnebok-redaktøren Guri Vesaas.
Han vart tildelt Storegutprisen i 2018.
Verkliste 1985: Tarjei Vesaas om seg sjølv, som redaktør 1992: Telemark - dikt og draum 1994: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen 1995: Løynde land - ei bok om Tarjei Vesaas, biografi 2001: Aasmund Olavsen Vinje - ein tankens hermann, biografi 2007: Å vera i livet: ei bok om Halldis Moren Vesaas, biografi
Olav Vesaas har òg redigert fleire bøker med tekstar av foreldra.
Bakgrunnsstoff Olav Vesaas i Cappelen Forlag Olav Vesaas i NRK Forfatter
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske journalistar Kategori:NRK-tilsette Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Folk frå Vinje Kategori:Vinnarar av Storegutprisen