«Hurra for deg som fyller ditt år!», eller «Fødselsdagen», som er opphavlege namnet, er ein norsk fødselsdagssong og -songleik med tekst av Margrethe Munthe. Melodien er ein norsk folketone. Songen stod fyrste gong på trykk i boka Saa leker vi litt i 1911, og blir framleis (per 2025) ofte sungen i fødselsdagar.
I Saa leker vi litt skreiv Munthe korleis leiken kan gå føre seg, med gjestane i ein ring omkring fødselsdagsbarnet. Gjestane bukkar, nikkar, neiar og togar i medhald av songteksten. Til slutt vel jubilanten éin av dei som vert med på dansen.
Det er med åra vorte vanleg å leggja til linja «Gratulere!» til slutt i fyrste strofe og «Til å feste!» i slutten av andre. Desse står ikkje i den opphavlege teksten til Munthe.
Tekst Teksten er gitt under etter Rettskrivinga av 2005, ikkje Rettskrivinga av 1907 som gjaldt då Munthe skreiv songen.
1. vers:
Hurra for deg som fyller ditt år! Ja, deg vil vi gratulere! Alle i ring omkring deg vi står, og se, nå vil vi marsjere. Bukke, nikke, neie, snu oss omkring, (original: Bukke dypt og neie, snu oss omkring) danse for deg med hopp og sprett og spring. (original: danse for deg med hopp og med spring) Ønske deg av hjertet alle gode ting! Si meg så, hva vil du mere?
Gratulere!Det er med åra vorte vanleg å tilføye denne linja. Ho står ikkje i Munthes opphavelege tekst.
2. vers:
Høyt våre flagg vi svinger. Hurra! Ja, nå vil vi riktig feste! Dagen er din, og dagen er bra, men du er den aller beste! Se deg om i ringen, hvem du vil ta! Dans en liten dans med den du helst vil ha! (original: Dans så en dans med den du helst vil ha) Vi vil alle sammen svinge oss så glad: En av oss skal bli den neste!
Til å feste!
Melodi
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hurra for deg som fyller ditt år!» frå , den 3. oktober 2025.
Kategori:Fødselsdag Kategori:Norske songar Kategori:Margrethe Munthe Kategori:Songar frå 1911