Sliven (bulgarsk Сливен) er ein by og ein kommune i provinsen Sliven søraust i Bulgaria, og er hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar byane Sliven og Kermen, i tillegg til 43 andre busetnader.
Sliven er den niande største byen i Bulgaria og er kjend for dei bulgarske innbyggjarane som kjempa mot ottomanarane på 1800-talet.
I 1834 oppretta Dobri Zjeljazkov den første fabrikken i Bulgaria, og starta med det den industrielle utviklinga i landet. Sliven var eit av dei største industrisentera i Bulgaria, og spelte ei viktig rolle i å byggje opp landet på nytt. Byen har lange tradisjonar innan tekstilproduksjon, maskinbyggjing, og glasproduksjon, og teknisk- og matindustri.
Areal og folketal Kommunen har eit areal på 1 354 km².Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet») Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 112 890 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 80 467 innbyggjarar.
Til storbyområdet for Sliven blir rekna heile kommunen.Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»
Dei største busetnadene i kommunen er:
Busetnad Bulgarsk namn Folketal (2011)Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet») Folketal (2021)Население по статистически райони, области, общини, населени места, пол и възраст («Befolkning i statistiske regionar, regionar, kommunar og busetnader etter kjønn og alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet») Sliven Сливен 91 620 80 467 Topoltsjane Тополчане 2 989 3 372 Sotirja Сотиря 2 096 2 234 Zjelju vojvoda Желю войвода 2 447 2 120 Samuilovo Самуилово 2 111 2 103 Krusjare Крушаре 2 064 2 097 Kermen Кермен 1 801 1 471 Селиминово 1 481 1 466 Чинтулово 1 297 1 460 Камен 1 308 1 403 Гавраилово 1 193 1 021
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sliven» frå , den 11. mars 2007.
Kategori:Byar i provinsen Sliven Kategori:Kommunar i provinsen Sliven Kategori:Provinsen Sliven