Kaprije er ei øy i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia, og ein del av Šibenik-øyane. Ho har eit areal på 6,97 km² og eit folketal på 186 (2021). Den einaste busetnaden på øya er òg kalla Kaprije. Administrativt høyrer øya inn under kommunen Šibenik i fylket Šibenik-Knin.

Øya er ålsendt med dalar som går på tvers av øya. Her veks det gras og enkelte furuskogar Druer og oliven vert dyrka her.peljar.cvs.hr Hovudnæringane på øya er jordbruk, fiske og turisme. Det er ikkje tillate med bilar på øya.Kaprije på travel.hrVilla Kaprije

På 1300- og 1400-talet høyrte øya til adelsfamiliar frå Šibenik. Då ottomanarane okkuperte fastlandet på 1500- og 1600-talet flykta mange menneske frå fastlandet til Kaprije, og mange av dei andre øyane utanfor kysten av Kroatia. På denne tida vart ei kyrkje for St. Peter bygd på øya.

Folketal Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Kaprije 143 189 186

Kjelder Referansar

Bakgrunnsstoff Bilete frå Kaprije

Kategori:Øyar i Kroatia