Strandebarm kyrkje står i Strandebarm i Kvam herad i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1876. Arkitekt for kyrkja var Ole Vangberg.
Kyrkja er soknekyrkje i Strandebarm sokn i Hardanger og Voss prosti.
Den noverande kyrkja er den tredje ein kjenner til har vore i Strandebarm. Den fyrste, som var ei stavkyrkje, finn ein fyrst nemnd i kjeldene frå 1306. Stavkyrkja brann ned i 1659. Det vart då bygd ei ny kyrkje som stod til ho vart riven i samband med bygginga av den noverande kyrkja.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Strandebarm sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Kvam herad på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Kyrkjer i Kvam Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Ole Vangberg Kategori:Kulturminne i Kvam Kategori:1876 i Noreg