Slavonski Brod er ein tettstad og ein bykommune i Kroatia og fylkeshovudstad i fylket Brod-Posavina.

Slavonski Brod er den sjette største byen i Kroatia med eit folketal i sjølve byen på 45 005 (2021). Byen vart kalla Marsonia under Romarriket og Brod na Savi i 1244–1934. Byen ligg i området Slavonia. Han har òg ei hamn ved elva Sava, og ligg 197 km søraust for Zagreb. Ordet 'Brod' er kroatisk for skip.

Byen Brod (Bosanski Brod) i Bosnia-Hercegovina ligg på andre sida av Sava.

Geografi Byen utvikla seg ved det strategisk viktige kryssingspunktet over elva Sava mot Bosanski Brod i Bosnia-Hercegovina. I dag går motorvegen Zagreb–Lipovac–Beograd (E70, A3) og jarnbanen Zagreb–Vinkovci–Beograd gjennom byen. Ein ny og moderne motorveg er under konstruksjon, den internasjonale gjennomfartsåra 5C, som vil knyte Nord-Europa og Ungarn med Kroatia (Slavonia), Bosnia-Hercegovina og igjen Kroatia (Dalmatia). Denne motorvegen vil gå om lag 16 km frå sentrum av byen. Når denne vegen står ferdig vil Slavonski Brod verte eit av dei store knutepunkta for motorvegane som går nord-sør og aust-vest.

Folketal Busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Slavonski Brod 58 642 53 531 45 005 Podvinje 3 749 3 575 3 057 Brodski Varoš 2 221 2 035 1 829 Kommunen Slavonski Brod 64 612 59 141 49 891

Kjelder

Denne artikkelen bygger delvis på «Slavonski Brod» frå , den 18. mars 2007.

Referansar

Kategori:Byar og tettstader i Brod-Posavina fylke Kategori:Bykommunar i Brod-Posavina fylke Kategori:Delte byar