Sophus Buck Kahrs ()www.frontkjemper.info: «Sophus Buck Kahrs» var ein norsk hirdmann og frontkjemparoffiser under andre verdskrigen.Frode Bjerkestrand: «Arven etter Solbris», Bergens Tidende, 5. mai 1995, s. 14.Bjørn Brøymer: «En NS-røst fra Argentina», Aftenposten, morgen, 19. mars 1988 , s. 9.
I 1934 meldte Kahrs seg inn i Nasjonal Samling. Han blei også med i Hirden, og var frå 1936 medlem i NS Kamporganisasjon. Under andre verdskrigen blei han løytnant, og ei stund fungerande bataljonssjef i den norske skijegerbataljon (1944) som deltok i krigen på tysk side. Før dette blei han send til Austfronten som troppsførar og kompanisjef ved Leningrad, i Den norske Legion. For innsatsen sin i 1944 i Karelen blei han tildelt Jernkrossen av 1. klasse. Kahrs var ved krigens slutt leder for Førergarden, Vidkun Quislings livgarde.
I landssvikoppgjeret etter krigen blei Kahrs dømt til 10 år straffarbeid og 19 års fengsel. 3. juli 1947 rømte han, saman med tre andre, frå Espeland fangeleir. I lag med ti andre landssvikdømte flykta han til Sør-Amerika med båten «Solbris» i 1947. I Brasil vart han halden igjen av styresmaktene i nesten eitt år før han fekk reise vidare til Buenos Aires i Argentina, der han vart buande livet ut.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Sophus Kahrs» frå , den 16. januar 2019.
Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Medlemmar av Nasjonal Samling Kategori:Norske Waffen-SS-offiserar Kategori:Nordmenn dømde for landssvik Kategori:Jernkrossen (1939) Kategori:Folk frå Bergen