Králický Sněžník er òg det tsjekkiske namnet på Śnieżnikfjella i Sudetane
Králický Sněžník, på polsk Śnieżnik eller Śnieżnik Kłodzki (og Glatzer Schneeberg eller Grulicher Schneeberg på tysk) er eit fjell på grensa mellom Tsjekkia og Polen. Fjellet er dekt av snø opp til åtte månader av året, og derfor har fjellet fått dette namnet.
mini|venstre|Kjelda til elva Morava nedanfor fjelltoppen mini|Statue av ein ung elefant, eit symbol på fjellet
Fjellet er den høgaste toppen i Králický Sněžník-massivet, som igjen er ein del av Jeseníkyfjella. Det ligg mellom landsbyen Králíky og Kłodzkodalen, som skil fjellet frå Rychlebyfjella.
Massivet vart danna under tertiærperioden. Sněžník er vasskiljet for tre hav: Svartehavet (elva Morava), Austersjøen (elva Nysa Kłodzka) og Nordsjøen (elva Liptovský).
Mellom 1899 og 1973 stod det eit utkikkstårn av stein på den polske sida av fjelltoppen. Ein statue av ein ung elefant vart reist der det tidlegare låg ei fjellhytte.
På den tsjekkiske sida vart det oppretta eit verna naturreservat (Národní přírodní rezervace Králický Sněžník ) i 1990.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Králický Sněžník - Śnieżnik» frå , den 21. mars 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjell i Tsjekkia Kategori:Fjell i Polen