mini|upright=1.1|Slaget på ReIllustrasjon i Heimskringla, Erik Werenskiold, 1899
Øystein Øysteinsson Møyla () var den første leiaren av birkebeinarane. Han vart gjeven kongsnamn på Øyratinget i 1176.
Øystein Møyla var son av kong Øystein II Haraldsson. Tilnamnet «Møyla» tyder 'vesle møy' eller 'vesle kvinne', og tilnamnet fekk han på grunn av sin unge alder og barnslege utsjånad.Snorre, Magnus Erlingssons saga, kap. 36
Då Øystein Haraldsson blei drepen i den første fasen av borgarkrigstida i maktkampen mot broren Inge Krokrygg,Snorre, Haraldssønnenes saga, kap. 32 samla tilhengjarane hans seg først under sonen til Sigurd Munn, Håkon Herdebrei. Håkon blei nedkjempa av Erling Skakke under slaget ved Sekken, nær Veøya i Romsdalen i 1162.Snorre, Håkon Herdebreis saga, kap. 7
I 1174 danna motstandarane til Erling Skakke ein flokk som fekk tilnamnet birkebeinarar. Med Øystein Møyla som leiar inntok de Trondheim, og på Øyratinget i 1176 utropte dei han til konge. Øystein Møyla og birkebeinarane gjorde deretter opprør mot Erling Skakke og den unge sonen hans, kong Magnus V Erlingsson. I januar 1177 blei birkebeinerne grundig slått i slaget på Re. Øystein Møyla kom seg unna, men blei drepen av ein bonde då han ba om grid.Snorre, Magnus Erlingssons saga, kap. 42-43 Dette slaget er det siste som er nemnt i Heimskringla.
Den neste leiaren av birkebeinarane var Sverre Sigurdsson, som regjerte som konge av Noreg frå 1184 til han døydde i 1202.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Øystein Øysteinsson Møyla» frå , den 15. november 2016.
Kategori:Norske regentar Kategori:Folk frå norrøn tid Kategori:Folk frå borgarkrigstida Kategori:Fødde på 1100-talet Kategori:Døde i 1177