mini|Sjølvportrett av målaren Paula Modersohn-Becker frå 1907. Paula er ei kvinneleg form av mannsnamnet Paulus, som tyder 'den vesle'. Pauline og Paulina er andre former.

Paula har namnedag den 22. mars i Noreg og den 22. juni i Sverige.

Bruk

Namnet er særleg utbreidd i sørlege romansk-språklege land, som Italia, Spania og Latin-Amerika. Frå 2002 til 2005 var det det tredje mest gjevne førenamnet i Spania. I USA var det særleg populært på midten av 1900-talet, med ein topp i 1950-åra.behindthename.com

Paula har vore brukt i Skandinavia sidan 1700-talet. I Noreg blei det gjeve til 0,15 % eller fleire av alle nyfødde jenter frå 1900 til 1920. Deretter gjekk det gradvis nedover med bruken. Det er i dag om lag 900 norske kvinner som har Paula som førenamn (2007).SSB

I kulturen Paula er namnet på ein roman frå 1995 av Isabel Allende, tileigna den avdøde dottera Paula Allende.

Dona Paula er namnet på eit strandområde i Goa i India. Staden er kalla opp etter Dona Paula de Menezes, dottera av den portugisiske visekongen som i følgje soga skal ha teke livet av seg her.

Kjende namneberarar Julia Cornelia Paula var kona til keisaren Elagabalus av Romarriket Den heilage Paula, italiensk helgen frå 300-talet Paula Abdul (f. 1962), USA-amerikansk popsongar Paula Gosling (f. 1939), britisk-amerikansk forfattar Paula Modersohn-Becker (1876–1907), tysk ekspresjonistisk målar Paula von Preradović (1887–1951), kroatisk-austerriksk forfattar Paula Radcliffe (f. 1973), britisk idrettsutøvar

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

Kategori:Kvinnenamn